Hopp til innhold

Heidrar Bowie med å gjendikte låt

Då han var 14 år gamal høyrde han David Bowie sin musikk for første gong. Det gjorde at han vart komponist, og no heidrar han Bowie med eit arrangement av Warsawa.

Jon Øivind Ness

FAN: Komponist og arrangør Jon Øivind Ness er stor Bowie-fan, og no har han gjenskapt låta Warsawa slik at Kringkastingsorkesteret får framført den på konsert torsdag 28. januar, kort tid etter at Bowie døde.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det var travelt, men då eg først hadde starta, så var det greitt å fullføre. Det var så utruleg givande, seier komponist og arrangør Jon Øivind Ness.

Sjølv med kort varsel på under 14 dagar, sa Ness glatt «ja» til å lage eit arrangement av Bowie for Kringkastingsorkesteret. Han er nemleg blant mange som var satt ut av nyhenda om at David Bowie hadde tapt kampen mot kreften.

– Då Bowie døydde, så skjønte eg kor stor helt han har vore, heile livet. Eg visste jo at han var ein stor helt, men det var ordentleg trist.

Gjenskaper «lyden»

Som 14-åring høyrde Ness for første gong Cat people av Bowie, og han seier det var «sjelsettande».

Jon Øivind Ness og KORK

PRØVAR: Under prøvane er komponist Ness lyttande, og kjem med innspel til dirigenten.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det var utløysande for at eg byrja å høyre på all denne rare musikken, all den alternative musikken. Det var Bowie som sette det i gang, den prosessen mot at eg vart komponist, seier Ness.

– Eg meiner at ingen annan artist eigde 70-tallet slik som Bowie.

Jon Øivind Ness og KORK

INNSPEL: Komponist Ness gir innspel til dirigent Karen Kamensek under prøvane, slik at det nye arrangementet blir best mogeleg.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Valet for orkesterarrangementet fall på Warsawa frå albumet Low, frå 1977, og komponisten har brukt mesteparten av tida på å gjenskape atmosfæren på albumet.

– Viss ein berre skulle skrive ned sjølve tonane, så er jo ikkje det nokon stor jobb, men det er jo det å gjenskape den lyden som er på Low, seier Ness.

– Det er ein stor lyd, men det er samtidig ein litt sånn ullen lyd. Den har dette klaustrofobiske, innestengte, samtidig som det er stort.

Urframføring

Arrangementet av Warsawa får si urframføring under Torsdagslive med Kringkastingsorkesteret i Universitetets aula i Oslo, ein konsert som også blir sendt live på NRK P2 og NRK Klassisk.

Rolf Lennart Stensø

STOLT: Orkestersjef for Kringkastingsorkesteret, Rolf Lennart Stensø, er stolt over å kunne heidre Bowie med nytt orkesterarrangement.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Orkestersjef for Kringkastingsorkesteret, Rolf Lennart Stensø, er stolt over å kunne heidre David Bowie.

– Det er stort for oss, og kanskje like overraskande for oss som for publikum, seier han og forklarer at eit program vanlegvis er planlagt eit år i førevegen.

At orkesteret no kan spele eit rykande ferskt arrangement av Warsawa meiner han er ein fin måte å heidre ein stor artist på.

– Dette set fokus på ei fantastisk musikk-karriere, seier Steinsø.

Og komponisten bak arrangementet er einig at Bowie var ein stor artist.

– Bowie er aller størst blant popartistar. Eg har eigentleg ikkje noko skille, det er Bowie, Stravinsky og Mahler. Dei er jevnbyrdige, seier Ness.

Korleis blir det å høyre Warsawa spelt av KORK?

– Det er spanande. Eg trur og håpar det blir bra.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.