Hopp til innhold

VG Nett omsette Grytten til bokmål

VG Nett omsette Frode Grytten sitt 22. juli-dikt til bokmål. – Arrogant og tankelaust, meiner forfattaren sjølv.

Tekst skrevet av Frode Grytten, fremført under Nasjonal Minnekonsert for 22/7.

Frode Grytten - Eit dikt for dei unge

Frode Grytten

Frode Grytten er ikkje overraska over at VG Nett omsette diktet hans.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Under den nasjonale minnekonserten for 22. juli i går las Frode Grytten opp «Eit dikt for dei unge». Diktet vart framført via eit videoklipp, og var ein av tre tekstar skrivne spesielt for markeringa eit år etter terrorangrepet.

«Eit dikt for dei unge» har hausta mykje ros, mellom anna på Twitter. Det er skriven på nynorsk, men når VG Nett presenterer diktet på sine nettsider, er det på bokmål.

«Vitnar om tankeløyse»

– Dette er arroganse mot nynorsk som språk. VG lever av ord, men det verkar som dei ikkje veit kva ord eigentleg handlar om, seier Frode Grytten til nrk.no.

Han fryktar at nyansane i diktet forsvinn i omsetjinga, men trur ikkje han kjem til å kontakta VG Nett om saka.

Frode Grytten bokmål VG Nett

Slik presenterer VG Nett diktet til Frode Grytten.

Foto: skjermdump

– Dette er ikkje overraskande. VG har aldri sett storheita i nynorsk, og dei slepp ikkje målforma til på redaksjonell plass. Det heile er skuffande og vitnar om tankeløyse, seier Grytten.

Han framhevar at VG Nett kunne ha fått teksten i si originalform, om dei hadde konktakta NRK som arrangerte minnekonserten.

– Det kan ikkje vera vanskeleg å få dette diktet ut på nynorsk, meiner Grytten.

VG Nett legg seg flat

– Me følgde TV-sendinga frå minnemarkeringa, og skreiv ned diktet direkte der i frå. Det har ikkje vore noko medvite val frå vår side at diktet vart omsett til bokmål, seier Kari Tone Sperstad, nyheitsleiar i VG Nett.

Sperstad lovar at VG Nett no kjem til å oppdatera nettsaka, slik at «Eit dikt for dei unge» kjem på nynorsk.

Ho avviser at bokmålsomsetjinga er eit resultat av at VG ikkje tillèt nynorsk på redaksjonell plass.

– VG og VG Nett har vald at bokmål skal vera redaksjonell skriveform, seier Kari Tone Sperstad.

Rett før klokka 11 i dag la VG Nett ut ein ny versjon av saka, der diktet står på nynorsk.

Her er originalversjonen av «Eit dikt for dei unge» av Frode Grytten:

Skyt meg i venstre arm, og eg skal kalle såret solidaritet

skyt meg i høgre arm, og eg skal kalle arret samhald

skyt meg i kjeven, og eg skal heve røysta mi

skyt meg i kneet, og eg skal reise meg igjen

skyt meg i hofta, og eg skal løpe raskare

skyt meg i brystet, og eg skal jobbe mot all urett

skyt meg i auget, og eg skal sjå verda klarare

skyt meg i øyret, og eg skal høre dei nye røystene synge

skyt meg i hjartet, og eg skal rope: vår kjærleik lever

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)