Tre gassferjer
"Bergensjord","Fanafjord" og "Raunefjord" trafikkerer alle mellom Sandvikvåg på Stord og Halhjem i Os sør for Bergen. Dei blir drivne av gass frå Nordsjøen. Denne blir frakta med tankbåt frå Kollsnes til Halhjem, der det er store lagertankar på ferjekaien. Ombord i kvar ferje er det to gasstankar, der gassen er flytande og held minus 150 grader C.
Ferjedirigenten
Willy Gåthe har mange års erfaring med å dirigera bilane ombord og stua for å få plass til alle. Men på denne gassferja er det plass til 212 bilar, og her gjeld det meir å passa seg så han ikkje blir nedkjørt. Det går bare 5 minutt på å tøma og fylla ferja med bilar.
Maskinen
Maskinsjef Jarle Lysen ombord på "Raunefjord" er godt nøgd med gass som erstatning for diesel. "Det er miljøvennleg og ferja går raskt....eit teknisk vidunder!", seier han. Desse gassferjene brukar 40 minutt på turen som tok 55 minutt med ferjene som vart erstatta.
Kaptein utan ratt og ror
Johnny Slettevold er kaptein på "Raunefjord". Han var også kaptein på ferjene som gjekk Sandvikvåg-Halhjem tidlegare. Han sit med hendene på kvar sin vesle hendel, som han styrer med - når ikkje autopiloten gjer arbeidet. Det er trongt i innløpet til Sandvikvåg, og det krevst konsentrasjon. At ferjene går raskare enn før, betyr ikkje at det er meir risikabelt, meiner Johnny Slettevold.
Maten er viktig
Det er ikkje mange av passasjerane som ikkje stikk bortom matserveringa straks dei er oppe i salongen. Kvar dag går det an å kjøpa komle eller raspeball, og det går unna! Også svele er populært.
Bli med ombord i gassferja "Raunefjord" ; Norge Rundt fredag kl 19.30 på NRK 1