Hopp til innhold

Får køyre musikkens Mercedes

Som første nordmann på nesten femti år, dirigerer Eivind Gullberg Jensen frå Stord denne veka Berlin-filharmonien, eit av verdas aller beste symfoniorkester.

Dirigenten Eivind Gullberg Jensen

Eivind Gullberg Jensen er vekas gjestedirigent for Berlin-filharmonien. På programmet står musikk av Sofia Gubaidulina og Jean Sibelius.

Foto: Bodil Maroni Jensen

37-åringen Eivind Gullberg Jensen har hatt ei bratt karrierekurve dei siste åra, og konsertane torsdag, fredag og laurdag i Berlin vert eit førebels høgdepunkt. Berlin-filharmonien er alltid med i diskusjonen når verdas beste orkester skal kårast, til dømes vart det rangert som nr. 2 då det britiske musikktidsskriftet Gramophone kåra verdas 20 beste orkester hausten 2008.

– Å få jobbe med dei beste på mitt felt er ein stor draum som går i oppfylling, seier Gullberg Jensen til NRK. Han er imponert over orkestret etter dei første prøvene:

– Orkestret fiksar alt, ein kan be dei gjere kva som helst. Jean Sibelius' første symfoni har eg til dømes framført med veldig mange gode orkester, men nokre av dei tinga eg har prøvd på har eg først fått til her.

Sjå Eivind Gullberg Jensen dirigere i Berlin i denne Kveldsnytt-reportasjen:

Video GULLBERG-FOV-151010-WW

Godt motteken

Gullberg Jensen har tidlegare dirigert andre topporkester som London filharmoniske orkester og Fransk nasjonalorkester. Likevel er det ekstra spesielt å skulle leie Berlin-filharmonien – som første nordmann sidan Øivin Fjeldstad dirigerte orkestret i 1961.

– Eg var spent under første prøve, men eg føler meg veldig godt motteken og gler meg til konserten, seier Gullberg Jensen.

– Nervar og spenning er ein del av yrket, ein jobbar med mange menneske med sterke meiningar og høg kompetanse. Men eg har vore bortskjemt med å få jobbe med store orkester, og har vant meg til det. Det er mykje psykologi inne i biletet – ein må gje og ta, treffe folk på heimebane og forsøke å påverke på ein positiv måte.

Her kan du sjå Eivind Gullberg Jensen med Oslo-Filharmonien sist vinter:

Video GULLBERG-FO-071010-WW

Unikt orkester

– Berlin-filharmonien er eit unikt orkester med ekstremt gode enkeltmusikarar, seier Ragnhild Veire, NRKs hovudmeldar for klassisk musikk.

– Noko av det som skiljer dei beste orkestra frå dei nest beste, er at dei spelar godt nesten uansett kven som dirigerer – det kan samanliknast med å køyre ein bil av beste merke. Berlin-filharmoniens sjefdirigentar, som Herbert von Karajan og Claudio Abbado, har fått sitje i lange perioder. Slik har orkestret perfeksjonert uttrykket sitt og utvikla ein særeigen, ekspressiv spelestil.

Veire trur det kan vere ei utfordring for ein ung dirigent å nå gjennom med sine idear til eit krevjande topplag som Berlin-filharmonien.

– Gullberg Jensen har god teknikk og kommuniserer godt med musikarane; han er ein god handverkar som dirigent. Mange musikarar likar dessutan at dei får spele gjennom musikken under prøvene hans, utan for mange avbrytingar. Men Berlin-musikarane har sterke meiningar og lar ikkje kven som helst styre sine tolkingar. Dei stiller skyhøge krav til seg sjølve, og sikkert til dirigentane òg. Under prøvene kan dei finne på å bue og peike på kollegaer som spelar feil.

Her kan du sjå Eivind Gullberg Jensen som ein av deltakarane i konkurransen «Årets dirigent» i 2003:

Video GULLBERG2-FOV-071010-WW

Stigande stjerne

Eivind Gullberg Jensen har sitt daglege virke i den tyske byen Hannover, der han har vore sjefdirigent i Den nordtyske radiofilharmonien sidan hausten 2009 og nyleg utvida kontrakta si til fem år.

– Stillinga som sjefsdirigent gir han høve til å utvikle eit orkester og bygge ein kunstnerisk profil over tid, serer Ragnhild Veire.

– Orkestrets prestisje er imidlertid ikkje så stor at sjefsrolla der automatisk gjev han moglegheiter andre stader. Gullberg Jensen har hatt gode innhopp på kort varsel tidlegare, men det er no det gjeld for alvor – no må vise kor god han har blitt!

Gullberg Jensen var relativt ukjent i Noreg då eit fransk musikktidsskrift i 2006 utpeikte han som ein av ti unge dirigentar i verda som kom til å prege musikklivet i det nye århundret. No har han ofte oppdrag her til lands – han dirigerte Trondheim Symfoniorkester i september og kjem til Oslo-Filharmonien neste gong i november.

Lurer du på kor vanskeleg det kan vere å dirigere eit symfoniorkester?

Sjå kjente amatørar prøve seg i Maestro !

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)