Hopp til innhold

Fann ti gongar meir «partydop» i Oslo-kloakken

Testar av kloakken i Oslo viser funn av ti gonger meir av partydopet MDMA i 2014 enn i 2013. Urofull utvikling, seier Kripos om bruken.

Ecstasy-piller inneholder MDMA

FRÅ NEDERLAND: Kripos fortel at veldig mykje av MDMA`en som kjem til Norge er produsert i laboratorier i Nederland og Belgia.

Foto: HANDOUT / Reuters

Forskarar i European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction har kartlagt den europeiske stoffbruken med å teste spor av substansar i kloakken i Europa.

Dei målte mengda MDMA, også kjent som «partydop» i klubb- og konsertlivet, folk hadde brukt i løpet av ei veke i 2013 og ei veke i 2014. I 2014 fann forskarane ti gonger meir MDMA i Oslo-kloakken, enn i testveka året før.

MDMA OSLO

ENORM AUKE: Målingar av kloakk er ein god indikator på kor mykje av ulike stoff som blir brukt. Grafen viser ei tidobling i funna av MDMA frå 2013 til 2014 i Oslo.

Foto: Skjermdump EMCDDA

Ny kloakkstudie

Ein av dei som har stått bak prøvetakinga i Oslo er Kevin V. Thomas, forskingsleiar ved NIVA. Han fortel at det er veldig store svingingar over kor mykje MDMA dei finn frå månad til månad.

– Det var auke i MDMA frå 2013 til 2014. Men, resultatet me fann den veka i 2014 var uvanleg høgt og er nok ikkje representativt for heile året, fortel Thomas.

I haust kjem ei ny studie av kloakken i Oslo. Resultata som kjem då er venta å gje eit meir heilskapleg bilde av MDMA-bruken i Oslo i 2014.

Saka fortset under bildet

Housen er tilbake

KONSERTDOP: 'Kari' fortel at ho og venane brukar MDMA på konsert: - Når det kjem til bivirkninger så kan eg merke ein nedtur dagen derpå. Når det kjem til skader så er eg usikker. Men for meg er gleda eg får verdt det, fortel Oslo-kvinna.

Foto: JEFF PACHOUD / AFP

Aldri beslaglagt meir

I Kripos' rapport « Narkotika- og dopingstatistikk 2014» står det at det aldri har vore beslaglagt så mykje som i 2014. Kripos skriv i sin trendrapport frå 2015 at utviklinga med MDMA er urofull. Dette fordi stoffet som no kjem til Norge blir reinare og sterkare enn før.

– Det er allment kjent at MDMA er eit populært partydop, skriver Axel Due i Kripos i ein epost til NRK.

MDMA I OSLO

NORGE NEST ØVST: Berre i Nederland fann forskarane meir MDMA enn i Oslo, viser den nye studia. Forskarane har mål talet på milligram MDMA i vatnet per 1000 innbyggarar.

Foto: SKJERMDUMP EMCDDA

– Kjem av auka kunnskap

Psykolog Pål Ørjan Johansen har studert MDMA i psykologisk behandling. Han har nyleg blitt intervjua av ei rekkje internasjonale medier som New York Times.

– Slik du ser det, korfor blir det brukt meir MDMA i Oslo?

– Det heng nok saman med auka kunnskap om risikoprofilen og effektane til MDMA. Det er eit utbreidd syn at MDMA kan vere eit verktøy til personleg problemløysing og auka sjølvforståing, ikkje ei flukt, seier Johansen.

Johansen har forska på MDMA i mange år og er ein av dei som står bak organisasjonen Emmasofia, som jobbar for lovregulering og meir forsking på medisinsk bruk av blant anna MDMA. Han understrekar at MDMA ikkje er utan risiko.

Brukar MDMA i helgene

«Kari» er i starten av 20-åra, bur og jobbar i Oslo. Ho fortel ho prøvde MDMA første gong for tre år sidan, og at ho brukar det opptil to gonger i månaden:

– MDMA har blitt mykje meir vanleg i det siste. Ein ser at alt frå BI-studentar, hippiar til meir «vanlege folk» som meg brukar MDMA no. Etter at elektronisk musikk har blitt allemannseige så har også MDMA teke av. Det er veldig populært å bruke på konsert, fortel «Kari» som vil vere anonym.

AKTUELT NÅ