Hopp til innhold

Falske debattar pregar avisene

Rutinesvikt gjer at personar med falsk identitet har fått prege debattsidene i avisene. Aviser over heile landet har trykka falske lesarinnlegg.

Nils E. Øy

Leiar i Norsk redaktørforening, Nils E. Øy, meiner avisene må skjerpe rutinane sine.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Barnevernet og politiske parti er mellom dei som har blitt utsette for kritikk frå fiktive personar.

- Dette er høgst beklageleg, seier leiar i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy.

Sterk kritikk, falske namn

Nils Marton Aadland ved barne-, ungdoms- og familieetaten på Vestlandet, har saman med ein kollega i Oslo avslørt at fiktive personar har drive ein kampanje mot barnevernet i fleire norske aviser.

- Me registrerte at det verserte lesarbrev i aviser frå Tromsø i nord til Stavanger i sør, skrivne av personar som budde i Bergensområdet. Då me sjekka litt nøyare kven desse eigentleg var, fann me ut at i alle fall to av dei opererte under fiktive namn.

Aadland fortel vidare at det var til dels svært sterk kritikk som blei framsett mot barnevernet.

- Me set stor pris på open debatt og ynskjer mest mogleg openheit, men me set òg pris på at me kan debattera med personar som har eit andlet.

- Vil sverte

Han blir støtta av Nils E. Øy, som meiner både lesarane og dei som deltek i debattane bør kunne rekne med at alle som deltek er reelle personar. Han meiner det er alvorleg når falske lesarbrev tek form av ein kampanje, og trur at dei som står bak i dette tilfellet, har som mål å sverte barnevernet.

- Desse har tydelegvis klare motiv, seier Øy som vidare fortel at fiktive lesarinnlegg vanlegvis førekjem rundt 1. april og utdrikningslag. 

- Når falske lesarbrev derimot tek form av ein kampanje, er det alvorleg, seier Øy.

- Me set stor pris på open debatt, men me set òg pris på at me kan debattera med personar som har eit andlet.

Nils Marton Aadland

Mange let seg lure

Det er Bergens Tidende som i dag skriv om den falske kampanjen. Avisa har publisert falske innlegg frå fire fiktive personar som ikkje er registrerte i folkeregisteret. Totalt har BT funne rundt 40 falske lesarbrev. Aftenposten, Adresseavisa, Nationen og Dagbladet er nokre av dei andre avisene som har gått på limpinnen.

- Kvalitetskontrollen vår har rett og slett ikkje vore god nok, seier Trine Eilertsen, politisk redaktør i Bergens Tidende. Alle som skriv innlegg til avisa skal oppgje namn, adresse og telefonnummer, men Eilertsen må innrømme at rutinane på sjekk av lesarinnlegg ikkje har vore tilstrekkeleg.

- Det er klart at dette er noko me må ta svært alvorleg, og me må vere endå meir mistruiske til dei som sender innlegg til oss – dessverre.

Fiktive politikarar

Saka med barnevernet er ikkje eineståande. Det siste halvåret har fleire innlegg i Bergens Tidende gått til angrep på Høgre. Ein Tor M. Halvorsen har underteikna, men han eksisterer ikkje. Eilertsen er spesielt kritisk til at politikarar opererer under falske namn i avisdebattar.

- Det er noko politikarane må ta opp med sine eigne, og toppane i dei lokale partia må gjere det klart for sine folk at å gjere dette vil føre til alvorleg refs. Ein kan ikkje øydeleggje den lokale debatten med å gje inntrykk av at det er fleire engasjerte enn det faktisk er.

- Er det lesarar som har ringt inn og reagert?

- Me har hatt kontakt med eit par, som er svært skuffa og som sjølvsagt lurar på kvifor ikkje dei har kome på trykk når desse falske personane har gjort det. Då må vi berre forklare dei at dette er noko vi er svært leie oss for.

- Må skjerpe seg

Nils E. Øy meiner det dreier seg om ein heilt klar rutinesvikt hjå avisene, og etterlyser nå ein betre kvalitetskontroll av lesarinnlegg.

- Avisene har moglegheit til å sjekke debattantane når dei krever fullt namn, og nokon tek i tillegg stikkprøver på telefon. Avisene har rutinane som trengs, men dei må innskjerpe kontrollen, meiner Øy.

Nils Marton Aadland håpar på si side at det som har kome fram vil hindre fleire falske kampanjar i framtida.

- Eg håpar det, for ingen er tent med at ein har fiktive debattar gåande i avisene.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober