ESKIL PEDERSEN SIN CV
Eskil Pedersen er født 6.mars 1984 i Porsgrunn. Han vaks opp i Skien saman med den ti år eldre søstra, Ine, mamma Jorunn og pappa Runar.
Pedersen gjekk på Klyve barne- og ungdomsskole. Etter ungdomsskule, gjekk han på allmennfagleg linje ved Brekkeby Videregående skole.
Studiar
Etter vidaregåande, gjekk Eskil Pedersen vidare med studiar. Pedersen har eit påbyrja bachelorstudium i statsvitenskap og emne i europeiske og amerikanske studie ved Universitetet i Oslo.
Ved sida av skulegang, jobba Eskil Pedersen som restaurantmedarbeider og skiftleiar på Bergbys Familierestaurant i Telemark. I 1999 blei Eskil Pedersen politisk aktiv i AUF.
AUF-verv
Han var leiar i AUF i Telemark frå 2001 til 2004, leiar i AUF i Oslo i 2006 og nestleiar i AUF frå 2006 til 2010. Pedersen var medlem av Telemark fylkesting frå 2003 til 2007 og var då medlem av hovudutvalget for kompetanse. Sidan 2007 har han og vore varamedlem av Oslo bystyre. Han har også vore styremedlem i Telemark Nei til EU, nestleiar i Skien AUF og politisk rådgjevar i AUF med ansvar for valkamp og miljøpolitikk.
17. oktober 2010 vart Eskil Pedersen leiar i AUF. Han var og leiar under AUF`s sommarleir, på Utøya, juli 2011.
Eskil Pedersen er singel. Han bur i Oslo.