Hopp til innhold

Her er deltakarane i Norges tøffeste

Over 800 søkte om å bli med på NRKs nye realityserie på tv. Her er dei ti som kjemper om tittelen Norges tøffeste.

I midten av august budde fem jenter og fem gutar bu saman i ein bunker utanfor Stjørdal i Nord-Trøndelag. I løpet av ei veke blei dei utsett for fleire fysiske og psykiske påkjenningar du ikkje før har sett på norsk fjernsyn.

– Norges tøffeste er ein realitykonkurranse som er blotta for utstemming og intrigemaking. Vi har reindyrka konkurransekonseptet til utelukkane å kåre Norges tøffeste, seier prosjektleiar for programmet ved Mediehuset NRK Trøndelag, Hilde Håbjørg.

Tv-serien Norges tøffeste blir sendt over seks episodar og hadde premiere på NRK3 tirsdag 8. oktober klokka 2225.

Miriam Berg Hovda:

Miriam Berg Hovda

MIRIAM BERG HOVDA: - Eg blir veldig glad av å trene og vere utandørs.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 24 år
  • Frå: Haugesund
  • Sivilstatus: Singel
  • Student: Engelsk, idrett og kunst i USA
  • Idrett: Løping, rugby og karate
  • Beste eigenskap: Uthaldande og elsker å konkurrere

Miriam Berg Hovda er springejenta frå Haugesund. Ho har konkurrert sidan ho var seks år og var på juniorlandslaget i friidrett frå ho var 14-18 år gamal. Dei siste 4 1/2 åra har ho studert i South Dakota i USA og sprunge for Augustana College i Sioux Falls.

Miriam er utadvent, spontan og lever i nuet. Ho liker å lage moro og byr gjerne på ein heimelaga vits for å skape stemning.

– Dette kom på meg som ei positiv overrasking med tanke på kor mange som søkte. Eg syns dette programmet passer meg midt i blinken sidan eg er full av energi og sporty.

Geir Kåre Cemsoylu Nyland:

Geir Kåre Cemsoylu Nyland

GEIR KÅRE CEMSOYLO NYLAND: - Eg har alltid hatt lyst å utfordre meg sjølv til det ytterste.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 21 år
  • Frå: Haugesund
  • Sivilstatus: Sambuar
  • Yrke: Kampsportinstruktør, dørvakt og student
  • Idrett: Thaiboksing Grappling og MMA (Mixed Martial Arts)
  • Beste eigenskap: Uredd

Geir Kåre Cemsoylu Nyland er halvt kypriotisk, med ein pappa frå Kypros. Han liker veldig godt å overraske og lage show for å få opp stemningen.

21-åringen er småbarnspappa. Han blir sint av folk som øydelegg kroppen sin med latskap og dårlege vanar og fører dette vidare til neste generasjon.

På treningsfroten vil han satse for fullt på MMA framover.

– Eg gleder meg mest til utfordringane. Ein lærer veldig mykje om seg selv av å bli pressa til å gjennomføre tøffe ting. Det er veldig lett og berre seie at eg tør det der, men å faktisk stå der å gjere det, er noko anna.

Sunniva Hiis Bergh:

Sunniva Hiis Bergh

SUNNIVA HIIS BERGH: - Eg liker å ha kontroll og vite at alt blir gjort riktig.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 19 år
  • Frå: Tertnes, Bergen
  • Sivilstatus: Kjærast
  • Student: Ferdig med vidaregåande skule
  • Idrett: Styrketrening
  • Beste eigenskap: Rettferdig

Det kjekkaste Sunniva veit er å trene. For tida går det mest i CrossFit , men ho har også ein draum om å delta i bikini fitness når ho er klar for det.

Sunniva har ein fast gjeng som følgjer ho på sosiale medier for å få treningstips og rettleiing i kvardagen.

– Det verste eg kan bli utsett for i bunkeren er nok å bli etterlatt der åleine, eller ikkje få mat over lengre tid. Sunniva tek initiativ og sprer glede. Ho liker å ha kontroll og vite at ting blir gjort riktig.

Sunniva er sterk, sta og ein litt dårleg tapar.

Martin Wenstad Janssen:

Martin Wenstad Janssen

MARTIN WENSTAD JANSSEN: - Eg har eit ekstremt konkurranseinstinkt og er opptatt av at mine eigne individuelle prestasjonar er 100 prosent.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 26 år
  • Frå: Oslo
  • Sivilstatus: I eit forhold
  • Yrke: Student og instruktør på CrossFit-senter. Jobba som personleg trenar og finansrådgivar under og i mellom studiane
  • Idrett: Tidlegare handball og MMA (Mixed Martial Arts). No CrossFit
  • Beste eigenskap: Vilje

Martin Wenstad Janssen er alltid på jakt etter utfordringar som stiller tøffe krav både mentalt og fysisk. I barndommen fekk han høyre av både foreldre og lærarar at han alltid valte minste motstands veg. Dette tente ein gnist i Martin, og har sidan endra seg til det motsette og blitt ein motivasjonsfaktor for hardt arbeid.

– Det er ingen snarvegar til langsiktige mål, og det er ikkje lett å oppnå noko vanskeleg. Med dette som fundament i tankegangen, har vilje blitt min beste eigenskap.

Martin er svært målretta og ambisiøs. Han studerer no ved Copenhagen Business School i Danmark, og er ferdig med ein Master i International Business våren 2014.

Nanna Wanjera Christensen:

Nanna Wanjera Christensen

NANNA WANJERA CHRISTENSEN: - Trening generelt gjer meg fullkommen.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 26 år
  • Frå: Tromsø
  • Sivilstatus: Singel
  • Student: Fjerde året på Rettsvitenskap i Bergen
  • Idrett: Vektløfting og CrossFit
  • Beste eigenskap: Svært målbevisst

Nanna Wanjera Christensen er ei av Noregs sterkaste jenter i sin klasse.
Under NM i vektløfting i mars i år kom ho heim med ein fjerdeplass. Ho har i tillegg deltatt i ei rekke CrossFit-konkurransar, både i team og individuelt, som mellom anna Tuft Games, Ragnarök, CrossFit Open og The Park.

– Eg gleder meg mest til å sjå kor langt eg kan pushe mine eigne grenser, både fysisk og psykisk.

Til dagleg studerer ho juss i Bergen, jobbar deltid hos eit advokatfirma og drøymer om bli advokat. Nanna er målretta og trener hardt mot det ho har bestemt seg for. Akkurat no er det å finne ut kor sterk ho kan bli. Nanna er også flink å synge og har to gongar komme til semifinalen i Idol.

Shahab Sabetnejad:

Shahab Sabetnejad

SHAHAB SABETNEJAD: - Eg gir alt, elsker utfordringar og hater å tape.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 26 år
  • Frå: Oslo
  • Sivilstatus: Kjærast
  • Student: Psykologi, NTNU
  • Idrett: Løping og styrke
  • Beste eigenskap: Konkurranseinstinkt

Shahab Sabetnejad er målretta og fører treningsdagbok for å heile tida kunne bli betre. Han ser på seg sjølv som ei iransk utgåve av Petter Northug. Hans store tru på seg sjølv, gjer at folk enten elskar eller hater han.

– Kjepphøge meg ser på det som ei sjølvfølge; klart eg blei valt, eg er perfekt for det her. Men den vesle rasjonelle delen i meg tenker «Kanskje du blei valt fordi du er så høg på deg sjølv». Han høyrer eg ikkje på.

Shahab er sta, ivrig, optimistisk og har eit stort konkurranseinstinkt. Han er ikkje redd for å prøve nye ting og kjem til å gi alt for å vinne. For tap er eit nederlag for 26-åringen.

Lotte Anfinsen Haaland:

Lotte Anfinsen Haaland

LOTTE ANFINSEN HAALAND: - Eg blir fort lagt merke til og liker å vise kva eg er god for.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 22 år
  • Frå: Haugesund
  • Sivilstatus: Sambuar
  • Yrke: Personleg trenar, sal- og sykkelinstruktør og trenar i CrossFit
  • Idrett: CrossFit og kampsport
  • Beste eigenskap: Sta

Lotte Anfinsen Haaland har som mål å vere god i alt. Ho elsker konkurransar og er ikkje redd for å gå i duell med ein gut. Familien til Lotte driv eit treningssenter i Haugesund, der 22-åringen er alt frå salinstruktør til resepsjonist.

Lotte er ei aktiv og sprudlande jente. Ho er opptatt av å leve natruleg både i form av kosthald og trening. Av ulike grunnar har ho kallenamnet Pippi Lotte og livsmottoet hennar er: «Det har eg aldri prøvd, så det klarer eg nok!»

– Det verste som kan skje i bunkeren er at eg blir vekt om natta eller at eg frys. Utan søvn blir eg vanskeleg å omgås. Men det absolutt verste vil vere å tape.

Eirin Elisabeth Sachse:

Eirin Elisabeth Sachse

EIRIN ELISABETH SACHSE: - Eg er mykje tøffare enn eg ser ut som ved første augekast.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 22 år
  • Frå: Hagan, Nittedal
  • Sivilstatus: Sambuar
  • Yrke: Ferdig med tredje året på Rettsvitenskap på Lillehammer, jobber no som kundekonsulent i bank og på treningssenter. Held på med masterstudiet i juss i haust
  • Idrett: Fotball, innebandy og treningssenter
  • Beste eigenskap: Stå på vilje

Eirin Elisabeth Sachse er halvt tysk og eldst av ein søstertrio. Ho jobber som instruktør og rettleiar på eit treningssenter og trivest svært godt saman med andre menneske.

Ho er opptatt av å spre glede og motivasjon til alle rundt seg og takkar sjeldan nei til spennande utfordringar og mulegheiter. Eirin Elisabeth har spelt fotball og innebandy i 14 år.

– Eg er tøffare enn eg ser ut og presser meg sjølv i harde situasjoner, og overraskar faktisk meg sjølv nokon gonger når det gjeld.

Sindre Nilo:

Sindre Nilo

SINDRE NILO: Etter å ha trent 25-30 timar i veka i mange år, veit eg at innsats lønner seg.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 22 år
  • Frå: Sandefjord
  • Sivilstatus: Singel
  • Yrke: Sjukepleiar / ambulansearbeidar
  • Idrett: Symjing og CrossFit
  • Beste eigenskap: Sjølvtillit og evne til å presse seg sjølv knallhardt

Sidan han var elleve år har Sindre Nilo vore ekstremt fysisk aktiv. Han har vore aktiv symjar i mange år og vore med i ei rekke Noregsmeisterskap. Sindre har over ti medaljar individuelt får junior NM, blant dei gull på 800 meter fri. Han har også medalje frå senior NM.

Dei siste åra har toppidrettstilveret blitt erstatta med studiar og karrieresatsing. No jobber han som ambulansearbider, men målet er å bli redningsmann i helikopter.

Sindre seier ting som dei er og er slett ikkje redd for å stikke seg fram.

– Eg er ikkje redd for noko og trener med et fokus på å eliminere veikskap for å oppnå gode allround evner.

Tarjei Lindvåg Johre:

Tarjei Lindvåg Johre

TARJEI LINDVÅG JOHRE: - Ting skal vere veldig hardt, tungt ubehageleg og relativt farleg før eg vil kalle det for tøft.

Foto: Cathrine Dillner Hagen, NRK
  • Alder: 19 år
  • Frå: Dalen, Tokke i Telemark
  • Sivilstatus: Singel
  • Student: Går siste året på vidaregåande skule
  • Idrett: Fotball og ski
  • Beste eigenskap: Kløkt, høg smerteterskel og usunt konkurranseinstinkt

Tarjei Lindvåg Johre er yngst i ein søskenflokk på fire. Han er ein energisk og kreativ 19-åring. Når han ikkje er på skulen eller trenar, er Tarjei omvisar på eit museum og vikarorganist.

Etter vidaregåande skule er planen hans å søke på fallskjermjeger i førstegongstenesta i militæret.

– Etter å ha blitt presentert for nokon av dei potensielle deltakarane må eg innrømme at eg er fysisk underlegen til mange av dei. Dette håpar eg å vege opp for med kløkt, ein høg smerteterskel og eit til tider usunt konkurranseinstinkt.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober