Den nye eigaren kjøper alle aksjane i Amedia, og overtek aksjane frå LO, Telenor og Fritt Ord. Den formelle overtakinga er venta å skje i april.
– Vi gjer dette fordi vi lokalavisene er viktige aktørar i lokalsamfunnet. Dei er viktige for alt det andre vi driv med, seier administrerande direktør André Støylen i Sparebankstiftelsen DNB.
Den nye eigaren overtek i første omgang dei 65 lokalavisene Amedia eig i Noreg. I tillegg eig konsernet Aviser i Russland. Stiftinga overtek desse når russiske styresmakter har godkjent ei slik overtaking, fortalde Støylen på ein pressekonferanse i ettermiddag.
Må drive lønsamt
Når dei overtek avisene, blir desse samla under ei eiga stifting som skal eige avisene. Sparebankstiftelsen DNB gir den nye stiftelsen eit lån for å gjennomføre kjøpet.
Støylen understrekar at avisene må drive lønsamt, og at avisene må sjølv finne forretningsmodellar som gjer at ein kan få finansiert journalistikken.
Konsernsjef Are Stokstad i Amedia seier han gler seg over den nye eigaren:
– Dette gir eit langsiktig eigarskap i Amedia. Den nye eigaren har respekt for avisene som lokale samfunnsaktørar. Dette er ein god dag for både Amedia spesielt, og for norske lokalaviser generelt.
- Les også:
- Les også:
Ei av avisene som i dag har fått ny eigar er Romerikes Blad. Medlem i klubbstyret, Elisabeth Lunder, er glad for å ha fått ny eigar.
– Vi er først og fremst letta over at vi får ein norsk og solid finansiert eigar. Vi har opplevd stadige kutt i stillingar dei siste åra, og har lenge kjent på at vi ikkje får behalde dei ressursane vi sjølv skaper. Det håper eg at vi får i framtida.
Samfunnsaktør
Sparebankstiftelsen DNB blei oppretta i 2002, og eig i underkant av 10 prosent av aksjane i DNB. Utbyttet av desse aksjane blir brukt til ulike samfunnsnyttige prosjekt. Til no har dei brukt til saman 2,5 milliardar kroner på slike formål.
Stiftinga kjøper blant anna inn norsk og internasjonal kunst som dei låner ut til norske kunstmuseum.
Dei har også ei ordning der dei kjøper inn verdifulle strykeinstrument som dei låner ut til norske utøvarar, mot at dei stiller opp på konsertar og som instruktørar for unge musikkskuleelevar.
Og i mars opnar stiftinga også kulturhuset Sentralen i Oslo sentrum. Dette er dei gamle lokala til Christiania Sparebank som no er gjort om til kulturhus med fleire scener, kontor og møtelokale for kulturlivet.