Hopp til innhold

Difor er klovnar så skumle

Klovnar kan verke skremmande fordi det er vanskeleg å lese ansiktsuttrykket. Men skremmeklovnar har ein lang tradisjon.

US-HOLIDAY-HALLOWEEN

Mange har klovnefobi. Masken kan gjere det vanskeleg å sjå om vi står overfor ein venleg eller vondsinna person.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Den siste tida har det vore fleire tilfelle i utlandet der skumle klovnar har dukka opp i gatene, ofte væpna med knivar og slagvåpen. Målet er å skremme. Det har også ført til at det har blitt oppretta eigne grupper med klovnejegerar på nettet.

No ser det også ut til at trenden med skremmeklovnar er komen til Norge. Mange opplever slike hendingar som svært skremmande.

Vanleg fobi

KOSOVO-US-MILITARY-HALLOWEEN

Opprinneleg blei klovnen brukt for å skremme barn.

Foto: ARMEND NIMANI / Afp

Klovneskrekk er ein vanleg fobi, særleg hos barn. Men det er også mange vaksne som er redde for klovnar, særleg om dei har hatt negative opplevingar når dei var yngre. Det er masken som gjer at mange er redde for klovnar, seier psykologspesialist Asle Hoffart ved Modum bad:

– Vi er avhengige av å lese kroppslege signal for å finne ut om ein person er til å stole på eller ikkje. Og då er ansiktet heilt sentralt. Ei maske gjer det vanskeleg å lese personen, og då verkar det ofte veldig skremmande på folk.

Dei skremmande klovnane har også ein viss likskap til klovnen som dukkar opp i miniserien «IT» frå 1990, basert på boka til Stephen King. Til neste år kjem ei nyinnspeling av filmen.

Høyr: Hallo P3 snakkar om kvifor vi er redde for klovnar

Lang tradisjon

Professor i teatervitskap, Knut Ove Arntzen, ved Universitetet i Bergen har nyleg skrive ein artikkel om historia til klovnen. Han seier klovnen har ein lang historisk tradisjon:

– Klovnen har ofte blitt brukt for å skremme barn, som i fastelavenstradisjonane. På Grønland blei maskedans brukt for å skremme barn til å ta vare på seg sjølv når dei skulle inn i fangstkulturen.

WIEAU101

Klovnen har blant anna blitt brukt som eit komisk element på sirkus.

Foto: Paul M. Walsh / Ap

Men klovnen har også røter tilbake til dei antikke greske komediane, og har blitt brukt som eit komisk element i teateret, som hos Shakespeare og Samuel Beckett. Klovnen stod også sentralt i stumfilmen, med Buster Keaton og Charlie Chaplin, seier Arntzen.

Det nye fenomenet med klovnar som dukkar opp for å skremme folk, kan difor vere eit steg tilbake til ein gamal klovnetradisjon, seier han.

– Den forma for skremmeklovnar vi ser no, har særlege trekk av skremmetradisjonen frå tidlegare tider. Men om det er det som er motivet til dei som no skremmer folk, er uvisst. Men det har i aller høgste grad historiske røter.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)