Hopp til innhold

– Ingen sneip i krutskuffa

Må ein betale for å sjå OL etter at Discovery vann TV-rettane? Medieekspert og redaktør av Kampanje, Knut Kristian Hauger, trur ikkje TV Norge «Vil kaste sneipen i kruttskuffen».

bærer opp OL-flagg en trapp

GRATIS?: Det som mange sjåarar lurar på no er om ein vil kunne sjå OL frå 2018 gratis. Ein medieanalytikar trur ikkje at Discovery vil tore å eksempelvis ta betal for herrestafetten i langrenn.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / Afp

I dag blei det kjent at Discovery får rettane til å vise OL i Europa frå 2018 til 2024. Det store spørsmålet som mange lurar på er: Kva vil ein kunne sjå gratis?

Knut Kristian Hauger, Kampanje

REDAKTØR: Knut Kristian Hauger er dagleg leiar og ansvarleg redaktør av medietidsskriftet Kampanje. Han spår at det meste av OL i 2018 og fram til 2018 framleis vil bli gratis på TV. Han seier også at det vil bli ei stor utfordring for TV Norge å bli den viktigaste TV-kanalen i dei to vekene OL står på.

Foto: Kampanje

Discovery eig blant anna TV Norge, MAX og Eurosport. Knut Kristian Hauger er redaktør av medietidsskriftet Kampanje. Han trur ikkje TV Norge torer å ta betalt for å vise dei største arrangementa i Vinter-OL:

– Å legge eksempelvis herrestafetten i langrenn på betal-TV, det er som å kaste sneipen i kruttskuffen. Det veit direktøren i Discovery Networks Norway, Harald Strømme. Han er ein fornuftig direktør og vil ikkje gjere det, seier han.

Trur fleste sendingar blir gratis

Hauger som har følgt det norske og europeiske mediemarknaden i lang tid, har denne gledelege spådomen til dei som likar å sjå sport utan å betale for det:

– Eg trur mesteparten av OL-sendingane vil gå gratis på reklamefinansiert TV, som TV Norge. Discovery vil satse på å sende veldig mykje av OL på ein open kanal der dei kan tene på reklamesal, seier Hauger.

Han seier vidare at han regnar med at dei vil vise absolutt alle sendingane på Eurosport, som er ein standardkanal for dei som har kabel- og parabol TV.

NRK og TV2 sjanselause

Den amerikanske selskapet Discovery Networks vann rettane til å vise både sommar og vinter-OL i heile Europa. Det bladde dei opp rundt 11 milliardar norske kroner for. Sjefredaktør i TV2, Olav T. Sandnes seier at trass i at to store norske mediehus slo seg saman, så hjelpte det lite:

– Discovery har lagt inn eit bod på europeisk nivå, og då hjelp det lite at TV2 og NRK legg inn bod saman, som allmennkringkastarar.

Trur på betalt nettinnhald

Hauger i Kampanje trur Discovery har eit tredelt mål med kjøpet av rettane til å vise OL. Det eine er å tene mest mogleg på reklamesal som følge av OL på ein open gratis TV-kanal:

– Det andre er å styrke Eurosport som merkevare. Målet er å tene meir pengar av leverandørane av kabel- og parabol-pakker, som følge av OL og eit sterkare Eurosport. Dette vil igjen kunne bety dyrare pakker for forbrukarane, seier Hauger og legg til:

– Det tredje målet til Discovery vil vere å bruke OL til å løfte strøymetenesta deira D-Play. No ligg dei eit stykke bak TV2 og NRK på nett og strøyming, seier redaktøren. Han trur altså at det meste av OL frå 2018 framleis vil bli vist gratis.

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.