Hopp til innhold

Det beste av norsk dokumentarfoto

Dei vil portrettere menneske som søv, Volvo-bilar, norske kommunar og tenåringsjenter. Ti norske fotografar er plukka ut til Norwegian Journal of Photography. Sjå kvifor her.

Organisasjonen Norwegian Journal of Photography (NJP) og Fritt Ord skal i 2012 gje ut den første utgåva av ein norsk fotojournal.

Dei har plukka ut ti fotografar som får støtte til å gjennomføre fotoprosjekt. Målet er å få eit internasjonalt fokus på norsk dokumentarfoto.

– Fotografane held internasjonal klasse, men er enno ikkje så godt kjende utanfor Noreg. Det vil vi gjere noko med, seier Rune Eraker, redaksjonsleiar i NJP.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Signaturane er lette å kjenne att

– Gjennom denne boka vil ein få eit innblikk i korleis dyktige norske dokumentarfotografar jobbar og byggjer opp historier. Vi har lagt vekt på å få med forskjellige fotografar, frå dei med eit tradisjonelt uttrykk til det meir kunstprega, fortel Eraker.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eivind H. Natvig

'Oslo, Norway, 17.05.09' av Eivind H. Natvig.

Foto: Eivind H. Natvig/MOMENT

Organisasjonen fekk inn 80 søknadar til prosjektet.

– Fotografane vi har valt har alle eit eige uttrykk og signaturane deira er lette å kjenne att. Det er både folk som har jobba i mange år og unge fotografar som har gjort seg gjeldande med sterke visuelle uttrykk, seier Eraker.

Søvnige foto

Marie Sjøvold er ein av fotografane som skal bidra i boka. Ho har bestemt seg for å portrettere menneske når dei søv. Tidlegare har ho portrettert seg sjølv og kjærasten sovande.

– Det å vere til stade i natta til andre er veldig interessant. Det handlar om å skape eit portrett, ikkje å blottleggje mennesket, seier ho.

Prosjektet er i startfasen, og Sjøvold tenkjer i første omgang å portrettere ulike menneske rundt om i Noreg. Så langt har tilbakemeldingane vore gode frå dei ho har spurt om å delta.

– Folk er interessert, dei lurer på korleis dei ser ut når dei søv og kva som skjer rundt dei på den tida av døgnet, fortel fotografen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marie Sjøvold

Sjølvportrett av Marie Sjøvold.

Foto: Marie Sjøvold

Volvo og kvardagsliv

Fotografane som er valt ut er Eivind H. Natvig, Linda B. Engelberth, Ingrid Vaale Arnesen, Monica Larsen, Andrea Gjestvang, Karin Beate Nøsterud, Helge Skodvin, Ellen Lande Gossner, Marie Sjøvold og Oddleiv Apneseth.

Dei vil mellom anna ta for seg kvardagslivet i Noreg, romfolkets liv og tradisjonar, identitet og tenåringsjenter, avstandsmødre, ungdomar i Aust-Finnmark, alderdom, Volvo-bilar, diakonisser og teater.

Det vil bli lagt ut smakebitar frå arbeidet utover på heimesidene til NJP. Det endelege resultatet kjem i bokform i 2012.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober