Tendensen med færre som les papiraviser, medan fleire loggar seg på nett og digitale tenester held fram. Det viser tala som Mediebedriftenes Landsforening, MBL, la fram i dag. Statistikken omfattar dei mediehusa som er medlemmar i MBL.
Fagbladet Journalisten har også laga ei grafisk framstilling av opplagstala som blei presentert i dag.
Papir
Abonnementsavisa Aftenposten er framleis den papiravisa som blir mest lest. Det er klart framfor laussalsavisa VG. Deretter er det eit godt sprang ned til Dagbladet og Dagens Næringsliv.
Nett
For å bøte på dei tapte inntektene frå opplagsfallet til papiravisene, samtidig som avisene ikkje har klart å tene tilstrekkeleg på nettannonsar, har det dei siste åra kome betalingsløysingar på dei fleste nettaviser. Tala viser at VG framleis er klart mest lest på nett. Deretter følger Dagbladet og Aftenposten, før det er langt ned til dei neste på lista.
Mobil
Mobilen har blitt ein av dei viktigaste stadene folk oppdaterer seg på det som skjer i verda. Mediehusa har difor satsa mykje på dette dei siste åra. Topplista er ganske lik den som er for nett. Men det er store sprik i tala. VG som toppar er nesten dobbelt så store som nummer to, Dagbladet.