Hopp til innhold

Dansk «House of Cards»-stjerne: – Fekk prestasjonsangst av Spacey og Wright

KØBENHAVN (NRK) I «House of Cards» spelar danske Lars Mikkelsen ein russisk president. Bak kulissene hadde han nok med å legga vekk prestasjonsangsten.

mikkelsen

– IKKJE PUTIN: Det er klare parallellar mellom rolla hans som «Petrov» i «House of Cards» og røynda, Russland sin president Vladimir Putin – men det stoppar der, seier han.

Foto: Mathias Bothor / Nordisk Film

– Sjølvsagt, det hadde eg heile tida. Men det kan ikkje brukast til noko når ein skal gjera det ein skal gjera. Så det måtte eg gløyma når eg gjekk inn, seier Mikkelsen til NRK.

– Forlet ikkje jorda i ein rakett

Den danske skodespelaren Lars Mikkelsen har som 50-åring fått det store, internasjonale gjennombrotet med nøkkelrolle som den russiske presidenten «Petrov» i den amerikanske Netflix-serien «House of Cards».

Men sjølv om hovudrolleinnehavarane Kevin Spacey og Robin Wright har gjort han litt «starstruck», tek han det heile med ro. Han karakteriserer dei som enormt søte og enormt generøse.

– Dei arbeider berre med noko, og så har det lukkast, og dei er «pissegode» til det, he he. Men det gjer ikkje at dei forlèt jorda i ein rakett, altså, seier han.

Artikkelen fortsetter under bildet

Frank Underwood og konen Clair fra House of Cards

STJERNAR: Kevin Spacey og Robin Wright har hovudrollane i «House of Cards».

Foto: Nathaniel E. Bell / Ap

Inne i Mikkelsen sin store hjørneleilegheit på Vesterbro, heng vaskekleda på eit stativ, lokalavisa ligg på bordet, dei to kattane smyg seg rundt dørkarmane og ynglingsspelet hans står klart på dataen – litt som Frank Underwood i «House of Cards», som òg tek sine 'time-out-'spelepausar.

– Kokain og damer blir aldri meg

Men ellers er det lite som vitnar om glamour-livet i Netflix-suksessen for mannen som har mange år bak seg frå teateret.

– Haha, no kunne eg jo ha lege i eit hav av kokain og damer og ... Nei, det blir aldri meg. Eg har jo familien min og livet mitt, og eg er veldig basert i teateret og det litterære. Og det kan eg ikkje forlata, sier Mikkelsen til NRK.

Som ellers er tilfellet i serien, er det klare parallellar mellom rolla hans som «Petrov» og røynda, Russland sin president Vladimir Putin – men det stoppar der.

Fra House of Cards sesong tre

MOTSPELAR: Her er Lars Mikkelsen i aksjon mot Kevin Spacey i Netflix-suksessen.

Foto: David Giesbrecht / Netflix

– Denne figuren skulle kunna kommunikera på engelsk, og det kan Putin slett ikkje. Og så er eg mykje høgare, Petrov er mykje meir ein verdsmann enn Putin er. Putin er lukka og veldig kjølig, seier Mikkelsen.

Mikkelsen er òg aktuell med hovudrolle i den europeiske TV-serien «Mord utan grenser», som går på NRK. Mikkelsen håpar at Noreg vert representert i serien på eit tidspunkt.

– Føtene på jorda

mikkelsen2

FØTENE PÅ JORDA: – Eg prøver å halda føtene på jorda, seier Mikkelsen, som likar seg best saman med familien.

Foto: Mathias Bothor / Nordisk Film

– Når me har sett svenskane, har me tenkt: Å, kor er dei gode. Og svenskane tenkjer litt det same om oss. Og no er det nordmennene som er gode. Når me kikkar over grensene, så kan ein sjå eitt eller anna som ein ikkje kan sjå om seg sjølv.

«House of Cards»-sukssen har ikkje gjort han rik, og han er nøgd med å bu i ei andels-leilegheit med kona, to søner og to kattar. Å dela ein båt med vener og eiga ein bil. Og ellers ta livet som det kjem med teater, biljard på det lokale vertshuset og moglegvis fleire internasjonale roller etterkvart.

Men han er nøgd med at det ser ut som om folk synest han har gjort ein god jobb i «House of Cards».

– Eg prøver å halda føtene på jorda, og det har jo heller ikkje skjedd så veldig mykje anna enn at det ser ut som om eg har gjort arbeidet mitt skikkeleg, seier Mikkelsen.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh