– Når ein person betyr mykje for deg, er det ubehageleg å ta den konfronterande tonen.
Det seier Tymon Bugajski. Han reagerte då han såg at kompisen begynte å publisere innvandringskritiske artiklar og kommentarar på Facebook.
Ludvig Løkholm Lewin er dokumentarist i P3, og ville finne ut kvifor nokon utviklar ekstreme haldningar, og korleis vener, familie og kollegaer reagerer når dette skjer. Dei siste vekene har han gitt uttrykk for stadig meir ekstreme meiningar om innvandring og islam. Alt har vore hemmeleg. Og alt er dokumentert – prosjektet skal resultere i ein dokumentar som skal vere klar til hausten.
Bugajski og Løkholm Lewin har kjent kvarandre heile livet. Likevel vart det vanskeleg for Bugajski å konfrontere kompisen.
– Eg er sjølv fødd og oppvaksen i Polen, og då vart det rart at han av alle var kritisk til innvandrarar. I samtalar med han vart det klart at han først og fremst ville snakke om muslimar. For meg vart det sånn at eg enten måtte late som ingenting, eller sei noko. Det enklaste hadde vore å ikkje sagt noko, seier Bugajski.
- LES:
- LES:
– Kunne ikkje vere vener
Grete Strøm er òg god ven med Løkholm Lewin. Både ho og Bugajski tenkte først at haldningsendringane til kameraten var ein del av eit jobbprosjekt, men då han avkrefta dette, måtte dei ta han på alvor.
– Eg veit jo at han ikkje er verken rasist eller framandfiendtleg, så i starten trudde eg derfor at han berre meinte at vi burde kunne debattere innvandring utan å vere politisk korrekte heile tida.
Men då Løkholm Lewin argumenterte for haldningane sine, tenkte Grete Strøm at dei to ikkje kunne vere vener lenger. Sjølv hadde ho nyleg jobba på eit flyktningmottak. Då ho fortalde Løkholm Lewin historier ho hadde høyrt frå flyktningane på mottaket, sa han at han ikkje trudde på dei.
– Då kjente eg at eg måtte ta avstand frå han, at eg ikkje ville vere ven med han lenger. Det er det eg gjer på Facebook òg, dersom eg ser slike haldningar. Eg gidd ikkje ta opp kampen med dei. Erfaringa mi er at det er håplaust.
Etter at Strøm fekk vite at det heile var eit prosjektet har ho tenkt at ho var skuffa over seg sjølv. For ho trur eigentleg ikkje det hjelper å ignorere rasistar.
– Eg trur ein må ta kampen. Det hjelper ikkje å avskrive rasistar som idiotar, då blir det berre verre.
Strøm og Bugajski vart filma med skjult kamera då dei møtte Løkholm Lewin etter at han sto fram med innvandringsfiendtlege haldningar. Desse opptaka skal bli brukt i dokumentaren.
Kollegaer: «Kva skjer med Ludvig?»
Etter at prosjektet vart avslørt har det i dag strøyma på med reaksjonar på Facebook-kontoen til Løkholm Lewin. Ein av dei som er letta er kollega Trine Sollie, som er prosjektleiar i Musikkredaksjonen i P3.
– På jobb var det mange som rista på hovudet og snakka seg i mellom om kva som eigentleg hadde skjedd med Ludvig, seier Sollie.
Sjølv har Løkholm Lewin sagt at han fekk slengkommentarar i gangen på jobb. Medan nokre har tatt initiativ til større, meir seriøse diskusjonar om tematikken, var det også fleire som berre vart vekke.
Både Sollie og andre mistenkte at det heile var eit jobbrelatert prosjekt.
– Men då eg konfronterte han med det sa han berre at «det må jo vere lov til å ha ulike meiningar». Etter det orka eg ikkje å snakke meir med han om det.
– Kva tenkte du då du fekk vite at det heile faktisk var eit prosjekt?
– Eg vart veldig letta. Også tenkte eg at det var eit kult prosjekt. Og at Ludvig er ein god skodespelar.
– Kan ha forsterkande radikaliseringseffekt
Forfattar og journalist Øyvind Strømmen har følgt høgreekstreme miljø på internett. Han seier at det er heilt vanleg at folk trekker seg unna, fordi toleransen for meiningar som blir oppfatta som ytterleggåande er låg blant folk i det norske samfunnet. Strømmen seier det ikkje er meir komplisert enn at vi gjerne tilbringer tid med folk som lignar på oss sjølv.
– Men det kan ha ein forsterkande radikaliseringseffekt. Dersom dei som er ueinige med deg ikkje konfronterer deg, men heller trekker seg unna, kan det føre til at du erstattar tomrommet med nye kontaktar og vener. Dersom desse berre stadfestar det verdsbildet du har, kan det drive deg mot å bli meir ekstrem.
Strømmen seier at det, blant ekstremistar, er at det er ei overvekt av folk som har falt utanfor samfunnet.
– Noko av det viktigaste i ein avradikaliseringsprossess er å ta opp att kontakten med familiemedlemmer og tidlegare vener.
Strømmen seier det kan vere lurt å snakke med vener som plutseleg meiner noko heilt anna enn før. Bildet om radikaliseringstunnelen blir ofte brukt om ein person som er i ferd med å bli ekstremist.
– Ein person kan gå inn i denne tunnelen, og gjerne opphalde seg der ei stund. Når personen går ut på den andre sida har han eller ho blitt ein ekstremist. Dersom personen har folk rundt seg som kan hanke han eller ho tilbake, kan det hindre radikalisering.
Konfronterte kompisen
Løkholm Lewin har i dag sjølv snakka om korleis folk overraskande fort snudde ryggen til han, og at han plutseleg vart heilt åleine. At det skjer, trur Tymon Bugajski er eit problem.
– At folk blir sinte og fordømmer alle ekstreme haldingar er ikkje noko løysing. Eg såg jo korleis det pressa Ludvig inn i ein kjip situasjon der han vart heilt åleine.
Bugajski konfronterte kompisen med dei ekstreme handlingane. Men har i ettertid tenkt mykje på om han var for ettergjevande i diskusjonen, berre fordi dei to har ein så nær relasjon.
– Men eg var ærleg. Eg gav meg ikkje på viktige ting, men heldt ein fornuftig samtale med ein god ven.
Uansett trur han det er viktig å tenke gjennom korleis ein skal ta omsyn til ekstreme meiningar:
– Eg trur det er viktig å vere bevisst korleis ein møter radikalisering hos vener, familie eller kollegaer. Sjølv om eg har eit nært forhold til Ludvig, var det freistande for meg å unngå temaet. Og eg trur det er lett å gjere når ein hamnar opp i ein slik situasjon. Folk tenker at dei ikkje orkar å ta debatten.
- LES:
- LES: