Cilla Black var blant dei mestseljande kvinnelege artistane på 1960-talet i Storbritannia med hittar som "Anyone had a heart" og "You`re My World". Seinare gjekk ho over til å bli programleiar på britisk TV for blant andre BBC og ITV.
Fekk helseproblem
Hennar eigentlege namn var Pricilla White og ho fekk ein BAFTA-ærespris i fjor for hennar mangeårige bidrag som artist, skodespelar og programleiar, skriv The Independent.
Dei seinare åra skal ho hatt slite med helseplager. Black fortalte blant anna at ho var ramma av leddgikt og i tillegg at ho hadde blitt døv på grunn av høyrselsskadar frå tida på The Cavern Club.
Black blei funnen i heimen sin utanfor Marbella i Spania 2. august. Britiske medier skriv at ein ventar på obduksjonsresultata, men at det tydar på at Black døde av naturlege årsaker. Cilla Black blei 72 år.