Lille Beirut
I den vesle bygda Grindheim på Bømlo har naboar kriga om ein liten grusveg i over tjue år. Politiet har fleire gonger rykt ut når striden har toppa seg og naboane har gått til åtak på kvarandre.
På folkemunne blir vegen kalla Gazastripa, og bygda har fått klengenamnet "Lille Beirut".
Palestinar mellom isralittar
Gunnar paktar eit lite småbruk av onkelen sin Odd. Dei to irriterer seg over at naboane går på vegen forbi husa deira, og inn i skogen. Onkel og nevø verken helsar på, eller snakkar med naboane sine lenger.
-Eg blir sjuk når eg ser enkelte av dei, seier Gunnar, som samanliknar seg sjølv med palestinarane.
-Eg er ein palestinar, naboane mine er isralittar, og kommunen det er amerikanarar i dette tilfellet.
I sin fulle rett
Naboane har gått på vegen i alle år, og meiner at dei er i sin fulle rett til å gå der. Gunnar og onkelen Odd hevdar på si side at det er privat grunn. Vegstriden har gått fleire rundar i rettssystemet, men det fins alltid ein ny paragraf å ty til sjølv om saka ser ut som ho er avslutta. Til no har Odd tapt eit par hundre tusen kroner på rettsaker, men kampen er langtfrå over.
Radiodokumentaren "Bømlos lille Beirut" er laga av Kari Hesthamar
Gudrun Gardsjord har den tekniske regien.
Radiodokumentaren i P2
laurdag 1. juni klokka 10.15
Reprise måndag 3. juni klokka 20.00