Hopp til innhold
Anmeldelse

Sterkt om den innfløkte etterkrigstida

Norsk roman går inn i Kosovo og kjem ut med ei sterk historie om korleis krigen heng att i språket, i minnet og i «dette helsikes blodet». I Eirik Ingebrigtsens «Kvit bok mørk vinter» er kroppen tett på storpolitikken.

Eirik Ingebrigtsen

«At materialet i denne romanen er sterkt, er mildt sagt», skriv Marta Norheim om Eirik Ingebrigtsens roman «Kvit bok mørk vinter».

Foto: Finn Ståle Felberg

Tenk deg at ein serbisk soldat valdtok mor di mot slutten av krigen og du var resultatet. Tenk deg at den kosovoalbanske stefaren din var i same krigen og slåst mot serbiske soldatar. Tenk deg at bror din-

Nei, det er best å slutte i tide. Romanen med den lite lokkande tittelen «Kvit bok mørk vinter» har ei vending mot slutten som ikkje skal røpast her.

Ulykka viser kva folk er lagd av

Halvserbaren Isa er 14 år den dagen handlinga finn stad. Det er iskaldt, og krigsveteranar og unggutar må til skogs for å hogge ved så folk i byen har noko å fyre med. Kulden kjenner ingen ideologiske grenser og hardt arbeid kan få folk til å gå saman for å løyse oppgåvene. Men når det skjer ei ulykke, sprekk arbeidslaget opp etter kjende mønster.

Ingen kan laste Isa for at han er halvt serbar, men han blir likevel utestengt, uglesett og rakka ned på av nesten alle. Slik viser Ingebrigtsen irrasjonaliteten i den vanskelege freden: Stefaren Reza har laga museum i gangen med medaljar og bilde av kameratar som fall i kamp mot serbarane. Saman med andre krigsveteranar forsvarer dei eigne valdtekter på serbiske kvinner: «Det var jo krig». Mens far til Isa truleg har søner på serbisk side, foraktar han sin eigen halvserbiske steson. Hatet sit i kroppen, i minnet, i språket.

Tett på

At materialet i denne romanen er sterkt, er mildt sagt. Ingebrigtsens prosa treff eit punkt som ikkje berre gjeld krigen på Balkan: Det er hardt å byggje freden og særleg etter ein borgarkrig, der motstandarane står kvarandre nær.

Ingebrigtsen går tett på. Lesaren pustar saman med Isa, frys saman med han i 32 minusgrader, følgjer han forbi folk som ikkje vil han vel. Kjenner på hatet og på grublinga over faren som valdtok mor hans og stefaren som ikkje toler at han finst. Språket er tett og sanseleg og knyter seg rundt kroppar som føler storpolitikken banke i årene. Det er godt gjort.

Om eg skulle kome med ei innvending, må det vere at typeteikninga er i overkant tydeleg. Dette er litt overraskande i ein roman der nyansane elles er påtakelege. Kanskje typane skal vise at det går an å velje forsoning og at hat ikkje er einaste moglege haldning. Der faren til Isa let fellesskapen frita han for ansvar, vel broren ei anna haldning. Estetisk diskutabelt, men heilt klart ei viktig melding i krigs- og borgarkrigstider.

Passar for deg som

  • er i stand til å lese sakte

  • interesserer deg for krigar og fredar

Fleire meldingar frå NRK

Bokforside motorsykkel drone

«Tor Arve Røsslands nye ungdomsbok er ubehagelig god. Likevel er historien om hvordan en vanlig norsk 14-åring blir voldelig nasjonalist for mager til at jeg kjøper den.» Les meldinga

Nadia Murads Den siste jenta

«I 'Den siste jenta' snur Nadia Murad en offerfortelling til å bli en historie om kampvilje og motstandskraft.» Les meldinga

Swing Time, av Zadie Smith
Foto: Aschehoug

«Zadie Smiths nye roman, 'Swing Time', er lett å trampe takten til, men vanskelegare å bli klok på. Bortsett frå at vi reiser rundt kloden, kvar skal vi?» Les meldinga

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.