Hopp til innhold

Før debutantdommen faller

– Fire bøker frå 2015-årgangen er nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris. Ikkje for å vere ein party-killer, men den aller beste debutboka som kom ut i fjor er ikkje nominert, skriv Marta Norheim i denne kommentaren.

Marta Norheim

– Dei fire forfattarane som faktisk er nominert har skrive bøker eg har hatt stor glede av å lese. Det står bra til i norsk samtidslitteratur for tida.

Foto: Samlaget

I år er det er 53. gongen Tarjei Vesaas' debutantpris blir delt ut, og juryen er det litterære rådet i Den norske forfatterforening. Det er ein jury det står respekt av. Ikkje dermed sagt at vala dei gjer er udiskutable.

For dette er ein pris som skal gå til ein forfattar som truleg enno ikkje har skrive si beste bok.

Den nye ordninga er eit godt grep

Skal rådet gå for den mogne debutanten som har lagt debutantgreiene bak seg allereie før første bok kom ut? Skal dei gå for det friske og ferske som har nybyrjarfeil, men som likevel ber bod om talent? Er originalitet eit kriterium her? Bør debutanten ha valt eit viktig tema?

I møte med nykommarane er det mange dilemma for rådet, og den nye ordninga med å nominere eit lite utval nokre veker før utdelinga er eit godt grep. Slik kan ein både vise fram meir av breidda som finst og nokon av dei mest interessante namna.

Dei to føregåande åra har det vore tre nominerte, i år er det altså fire. Rådet har nytta høvet til å vise fram ein variasjon, og alle bøkene har kvalitetar. At dei ikkje har nominert den opplagt beste boka frå i fjor er litt forvirrande, eg kjem tilbake til det.

Dei nominerte er…

To diktsamlingar og to romanar har kome gjennom nålauget.

Maria Navarro Skaranger
Foto: Pernille Marie Walvik

Maria Navarro Skarangers roman «Alle utlendinger har lukka gardiner» kom tidleg i fjor vinter og fekk eit stort og entusiastisk publikum.

Alle utlendinger har lukka gardiner

På eit norsk som har raus distanse til norsk grammatikk, skildrar ho livet til ein fjortis på Romsås. Det handlar om familieforhold, klassen, venninner, forelskingar. Svært vanlege fjortistema heile vegen, mindre vanleg er det med slike romanar frå fleirkulturelle drabantbyar. Romanen har høg sjarmfaktor og tek det fleirkulturelle som eit gitt utgangspunkt, du må berre takle det:

Etter skolen jeg ble med Esra hjem, jeg har gjort de siste ukene, for hvis jeg skal bli sammen med Mu2 jeg også burde lære meg litt tyrkisk. Jeg har lært pizzabørek som morra til Esra lagde, og jeg har lært når man ringer på callringern man sier "merhaba", og så sier personen i callringern kim..

Maria Navarro Skaranger / Alle utlendinger har lukka gardiner

Romsås er heilt klart mindre ugjennomtrengeleg etter denne innføringa i fleirkulturelt fjortisliv.

Kenneth Moe
Foto: Helene Ulrichsen / NRK

Kenneth Moes roman «Rastløs» er ein roman med mange forgjengarar, her møter vi eit «jeg» som fortel om ei djup og varig kjærleikssorg og om målet med å skrive denne romanen.

Boka er, ifølgje den namnlause hovudpersonen, dels eit brev til den han er forelska i, men det er også meir:

Jeg bør presisere, før jeg glemmer det bort, at jeg ikke skriver for å dyrke gørra, men for at noe skal falle på plass. Noe…En eller annen slags praktisk sannhet. –Jeg har bare én bok i meg, når alt kommer til alt. Den heter: "Hvordan jeg lærte å elske", og jeg håper å få skrive den igjen og igjen, med små variasjoner, til jeg dør.

Kenneth Moe / Rastløs
Rastløs

Sjølvmedlidande klaging og skildring av forfall er ingen sikker vinnar, men Moe gjer det med intensitet, nerve, humor og innimellom nesten aforismeaktige oppsummeringar av typen:

Hvor mye kan man egentlig lære om livet gjennom sprekker i persiennene?

Slik går forteljaren i ein interessant, kritisk dialog både med livs- og skriveprosjektet. Dei to nominerte romanane begge er tynne og skrivne i første person. Dei er lagt til ein avgrensa epoke i livet og skildrar denne, meir enn å fortelje ei historie. Begge har humor. Men dei skil seg sterkt frå kvarandre i språk, stiltone og tematikk.

Maria Dorothea Schrattenholz
Foto: Carsten Aniksdal

Maria Dorothea Schrattenholz debuterer med diktsamlinga «Atlaspunkt» og her snakkar vi om debutanten som framstår som mogen forfattar frå første bok.

Atlaspunkt av Maria Dorothea Schrattenholz

Her er vi med på ei reise til Mars, tur og retur, trur eg. Boka er delt opp i fire bolkar og skildrar eit slags forløp. Det opnar kanskje med at jorda blir skapt, og det endar kanskje med at vi prøver på nytt. Dikta er mangetydige, sanselege og sterkt bildeskapande. Heilt sikkert er det likevel at mennesket er prisgitt naturen:

Fanget i oksygenet men med frihet til å puste

Tilnærminga til desse veldige spenna som diktsamlinga legg opp til, er både naturvitskapleg og eksistensiell. Dette er ei bok som står seg på å bli lesen fleire gonger.

Kanskje stod det noen her, akkurat her / med blikket låst/mot horisonten, nesten naken, ryggen rak / mot giftvind han ikke kunne se / ørkenen sviende stor, sandkorn lager bare nye korn, ikke land / sto her til sanden dekket ham

Maria Dorothea Schrattenholz / Atlaspunkt
Paal Maage Elstad

«Kun en liten del av universet» av Paal Maage Elstad er den mest typiske debutboka av dei fire, i den forstand at eg her ser ein lovande forfattar som er ujamn og litt uklår.

Kun en liten del av universet av Paal Maage Elstad

Dei uvanleg mange tomme sidene i boka skaper ei forventning om at det her er snakk om dikt med ei slik tyngd at lesaren treng fleire blanke ark å kome seg på før neste leseøkt. Slikt spenner forventningane. Dikta greier ikkje heilt å halde tritt med desse materielle vilkåra, men dei spenner over mange ulike tema, der sorg, kjærleik og undring over naturen er det eg ser tydelegast.

Det er alltid vanskeleg å skilje mellom det gåtefulle og mangetydige (bra) og det uklåre og kryptiske (ikkje så bra) innanfor poesien. Til dømes denne:

Gode og onde navn. Vi velger stadig galt

Er den så banal som eg trur, eller ligg det noko her som andre får mykje ut av? Sanneleg om eg veit. Eg skal la tvilen kome debutanten til gode og sitere eit dikt som eg likte godt:

Det treet skylder meg en tjeneste

Jeg stoppet opp og beundret det en kveld

Kun en liten del av universet

Er det ein vinnar her?

For eigen del vil eg heie på Moe for ein enkel tekst med sterkt eksistensielt trykk om eit enkeltindivid, og på Schrattenholz for ei mangetydig, vakker og tankestimulerande diktsamling om kloden, universet og mennesket, ei bok eg enno ikkje er ferdig med etter å ha lese ho to gonger.

Dei to andre vil eg også gjerne lese meir av, for alle dei fire nominerte er talentfulle, det skulle også berre mangle.

Rønneimperiet

Men apropos mangel: eg vil nødig vere ein party-killer like før prisen skal delast ut, men kjære det litterære rådet: Den aller beste debutboka som kom ut i fjor var «Rønneimperiet» av Hanna Dahl. Det er merkeleg at den ikkje er nominert.

Ei velvillig tolking av denne forbigåinga kan vere at Vesaas la vekt på at prisen skulle gå til unge forfattarar. Greitt nok, og prisen går vanlegvis til unge forfattarar, men det finst debutantar både i førti- og femtiåra på lista over vinnarar. No er det for seint, og Dahl vil sikkert få prisar seinare i forfattarskapen sin om ho held høgden.

Denne forbigåinga skal ikkje brukast mot dei fire forfattarane som faktisk er nominert, og som har skrive bøker eg har hatt stor glede av å lese. Det står bra til i norsk samtidslitteratur for tida.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober