Hør diskusjon om boka i Bok i P2 kl. 17.03

Hør P2 direkte her

  • Les også anmeldelsen av Min kamp 1:

Bokmelding: Sterke saker frå Karl Ove Knausgård

”Det oppdiktede har ingen verdi”, står det å lese på side 535. Ei ganske forbløffande setning i ein roman. Men det står meir: ”Det dokumentariske har ingen verdi. Det eneste jeg så verdien i, som fortsatt ga fra seg mening, var dagbøker og essays, det i litteraturen som ikke handlet om fortelling, ikke handlet om noe, men bare bestod av en stemme, den egne personlighetens stemme, et liv, et ansikt, et blikk man kunne møte. Hva er et kunstverk, om ikke blikket til et annet menneske?”

Min kamp 2 - Boken 'Min kamp 2' er utgitt på Oktober forlag. - Foto: Oktober forlag /

Boken 'Min kamp 2' er utgitt på Oktober forlag.

Foto: Oktober forlag

Nokon få sider etter dette opnar hovudpersonen i romanen "Min kamp" eit nytt dokument på PCen og startar på noko som liknar på nettopp dette verket, eit verk som kanskje viser fram ”den egne personlighetens stemme, et liv, et ansikt”, i polemikk mot det oppdikta og løgnaktige.

Eksistensielt alvor

Det ligg eit stort eksistensielt alvor i dette programmet, og det er dette alvoret og den nådelause gjennomføringa av prosjektet som gjer at lesaren blir hengande ved teksten, til tider nesten mot sin vilje.

I bind to av seks i dette verket som sprenger absolutt alle rimelege grenser og klampar vidare innover og innover som ingenting, i dette bind to får vi historia om den unge forfattaren som bryt over tvert med ei kvinne og med eit land så og seie over natta, og flyttar til Stockholm med to koffertar.

Gradvis skaper han seg eit nytt liv i denne byen, får husvere, vener, kone og etterkvart tre barn. Ei ganske vanleg historie, dette: samlivsbrot, flytting, nytt samliv, barn, bleier, svigerforeldre, middagar med vener, krangel om oppvasken, fleire bleier og feber og kranglar om kva som er best for barna, nye fødslar og nye bleier.

Ei vanleg, men unik historie

Ei ganske vanleg historie. Det som gjer den unik, og som gjer at lesaren blir hengande ved teksten, er truleg nettopp dette med ”den egne personlighetens stemme” som skildrar eit heilt spesifikt liv, nemleg sitt eige.

Det trivielle, det såre, det sublime, det gripande, det originale og det flaue får stå side om side og smitte over på kvarandre. Den rå drifta til å forlate alt for å få gjere det eine nødvendige som er å skrive, får stå saman med den ømmaste skildringa av eit lite barn.

Raseri over kona

Det svarte raseriet over kona som ikkje kan la han få fred og fri, blir avløyst av kjærleikens samtale. Konstateringa av at han er venelaus, blir avbroten av telefon frå vener som bryr seg om han. Og det er truverdig alt saman.

Det er kollosalt mange gode grunnar til å ikkje skrive slik som dette. Når det likevel blir gjort, og når det faktisk blir så strålande litteratur som her, så er det berre å håpe at forfattar og forlag veit kva dei gjer og at historia held seg svevande til sjette bind avsluttar dette uhøyrte verket utpå våren ein gong.

Flere bokanmeldelser

Lesetips fra NRK Litteratur

nrkbok på Twitter