Meld av Arnhild Skre
Bøker om 22. juli har vi etterkvart fått mange av. Reportasjebøker.
Augevitneskildringar. Skotne og vettskremde sine vonde beretningar.
Forfattaren og den prislønte menneskerettsarbeidaren Aage Borchgrevink er ikkje den første som har ambisjonar om å forstå terroristen, men eg trur han må vera den som førebels brettar livshistoria breiast ut i forsøket. Eg håpar ikkje mange andre vil gjera det på hans måte.
Omfattande research
I «En norsk tragedie» flettar Borchgrevink to hovudtrådar: Ei biografisk framstilling av terroristens liv frå tidleg barndom til fengselscella. Denne kryssklipper han med glimt frå Oslo sentrum og Utøya i dei harde julidagane.
Teksten i 2011-planet er velskriven og ber preg av grundig kjeldearbeid og tekstbearbeiding. Ei eiga bok i boka er desse kapitla blitt, men det er ikkje her ærendet til forfattaren og forlaget ligg.
Deira mål har i følgje forordet vore å bidra til forståelsen av 22.
juli-terroren ved å skapa ein historie og gje analysar av hendingane og personlegdommen bak.
Fellesskapet blei angripe av eit menneske som etter Borchgrevinks syn levde i eit radikalt utanforskap og bar både på mordarpsyke og eit voldsomt hat. Dette kjem forfattaren fram til gjennom omfattande research i og rundt dei miljøa og virtuelle verdene der terroristen levde. Fram til han sette frå seg ein kvit kassebil i Grubbegata og køyrde til Tyrifjorden der han på ein sommarleir gjekk roleg inn og skaut på dei uvæpna ungdommane for å drepa dei.
Det spørsmålet boka endar opp med som det sentrale, er kvar aggresjonen og det voldsomme hatet kom ifrå. For å gje svaret på det, fann Borchgrevink og forlaget det nødvendig å kryssa privatlivsgrenser som andre norske media til nå har late stå.
Dokumentarisme
Litterær dokumentarprosa eller skjønnlitterær dokumentarisme, eit etterkvart kjært barn har fått mange namn. Åsne Seierstad har vore vår fremste forfattar av sakprosa som kan lesast som romanar. Karl Ove Knausgård den mest kjende av dei som skriv romanar som kan lesast som dokumentarlitteratur. Begge har funne det nødvendig å kryssa privatlivsgrenser og ved det skapt debatt om etikk og litteratur.
Etiske overskridingar ser ut til å liggja innbakt i sjangeren dersom teksten skal komma så nær det heile bildet som råd.
I «En norsk tragedie» signaliserer Borchgrevink alt i tittelen at det er i denne crossover-sjangeren han vil skriva boka. Greske tragediars voldsomme skjebne- og familiedrama skal klinga i bakhovudet når ein opnar boka, og gje frampek om kva innhaldet avslører.
Den litterære ambisjonen er då også fylt i dei fleste 2011-kapitla.
Biografidelane held tilsvarande høg kvalitet på researchen. Innimellom finst vel pompøse formuleringar, men jamt over får lesaren i velskriven tekst vita mykje om vestkant-bandar, tagging, krigsspel og valdelege ideologiar. Djupe analysar av det store nettdokumentet Breivik la ut, er også ein god grunn til å lesa boka.
”Nøkkelen”
Men når det kjem til psykologien, er det som forfattaren begynnar å famla. Han har lese sakkyndigerapportar og snakka med utredarar og stemor. Det han får vita der, gjer at han bestemmer seg for i detalj å fortelja lesaren om omsorgssvikten som blei avdekka i Breiviks tidlege år.
Dette må ha vore dei vanskelegaste passasjane å skriva, og skulle vore dei med størst presisjon og bevisst balansering mellom alle omsyn ein forfattar av dokumentarlitteratur må ta. Likevel uttrykker forfattaren seg utflytande, han legg ikkje heilt klare skilje mellom generelle omtalar av barnepsykologiske begrep og kva som er funn i den barnevernssaka som blei reist rundt akkurat dette barnet.
Borchgrevink drøftar og greier ut, men får likevel verken utgreiingane eller forsvaret for å trykkja detaljane til å verka like grundig gjennomarbeidde som store deler av boka elles.
Det blir derfor overraskande at det er her, i barndomsopplevingane og barnepsykologien, forfattaren meiner å finna svaret på det største spørsmålet sitt. ”Den mørke impulsen kom etter mitt syn fra barndommen, ikke fra kontrajihidistene”, skriv han. Den grunnleggjande forklaringa på Breiviks hat og dermed på drivkrafta bak terrorhandlinga, er omsorgssvikten og barnevernets svikt då mora ba om hjelp.
Borchgrevinks tekst som brettar ut eit så breitt bilde av terroristens liv, endar altså med det han kallar ”nøkkelen”, med å gjera dei tidlege barndomsopplevingane til den gjennomgåande underteksten i det forvirrande kompendiet. Borchgrevink begynnar komplekst, endar eindimensjonalt i barnepsykologien og utset seg dermed for hovudkritikken som biografiteoretikaren Marianne Egeland har retta mot norsk biografisk litteratur fram til år 2000: Den var prega av eit forenkla menneskesyn og ei tru på at det finst eitt svar på kvifor menneske handlar som vi gjer.
Saknar kjemien
Eg er ingen psykolog, men som historikar og biograf reagerer eg på den typen einfaktorforklaring som Borchgrevink endar i. Eg saknar også ei grundigare utforsking av kvifor hatet blei til handling. Ideologi, teknologi og psykologi er belyst. Men kva med kjemi? Det siste året før 22. juli putta Breivik i seg eit mangfald av anabole steroidar, rusmiddel og medikamentcocktailar som kunne senka valdsterskelen, auka aggresjonen og gjera han i stand til å drepa.
Mange menneske opplever omsorgssvikt. Mange ber på brennande hat. Det kan umuleg vera berre familieskjebnen og kvaliteten på barnevernet som avgjer om hatet veks så stort og om den som var svikta, blir massemordar eller ikkje. Eg håpa at Borchgrevink hadde halde på den gode kompleksiteten sin løpet gjennom. Slik han nå har valt, risikerer han å skygga for den debatten han ønskjer i forordet. Det er boka som blir diskutert nå og ikkje nødvendigheita av å styrka barnevernet.