Hopp til innhold

Ein journalist kryssar sine spor

Her kjem romanen om ein journalist som misser jobben etter altfor kreativ kjeldebruk. Birger Emanuelsen kan gratulere seg sjølv med uvanleg presis timing.

Birger Emanuelsen

«Historien om et godt menneske» er ein interessant roman som rotar det til for seg sjølv, men er vel verdt å lese av to grunnar.

Foto: André Løyning

«Historien om et godt menneske» er historia om kulturjournalisten Thomas, som etter seks år i ei hovudstadsavis må gå på dagen etter klage frå eit intervjuobjekt. Men dette er ikkje saka om journalisten som pyntar seg i lånte fjør, tvert i mot, her han du mannen som spanderer fjør på dei han meiner treng det: folk med små ord og dvaske formuleringar får eleganse og spenst etter å ha vore gjennom eit intervju med Thomas.

Dette går sin skeive gang, heilt til poeten Flemming ein vakker dag tek opp intervjuet Thomas gjer med han. Overraska over spriket mellom det han faktisk sa og det som kom på trykk, spelar han heile greia av for sjefen til den litt for frittskrivande skribenten. At opptaket også inneheld særs lite flatterande karakteristikkar av same sjef, hjelper ikkje på stemninga.

Og så, for å krone det hele, kom følgende forklaring på hvorfor jeg

ønsket å spørre ham om privatlivet: «Jeg vet det er kleint, men redaktøren min elsker de

greiene der. Den eneste boka hun har lest, er Fifty Shades of Grey, og jeg tror ikke hun forstod nok til å bli kåt engang.»

Da denne setningen trillet ut av Flemmings smarttelefon, kunne jeg se at sjefen min forstrakk en muskel i ansiktet.

Birger Emanuelsen / Fra «Historien om et godt menneske»

Kort sagt, Thomas må ut. Og romanen handlar om livet etterpå. Og om livet før. Og om ganske mykje anna også.

Høg aktualitetsfaktor

Emanuelsen vil veldig mange ting i denne romanen, og det er ikkje like sjarmerande her som det var i debutromanen hans «Fra jorden roper blodet», ein roman med eit påfallande særpreg. Årets roman er ikkje like original, men aktualiteten er desto høgare. «Historien om et godt menneske» er ein interessant roman som rotar det til for seg sjølv.

Meir om dette snart, men først er det er på sin plass å gje eit riss av romanen etter det dramatiske fallet som er bretta ut på dei første sidene.

Den vanskelege returen til fortida

Historien om et godt menneske

Årets roman er ikkje like sjarmerande og original som debuten «Fra jorden roper blodet».

Fallet ut av yrkeslivet gir kona Hedda det pressmiddelet ho treng for å få flytta den vesle familien på tre tilbake til Sørlandet der dei kjem frå. Her går Thomas opp sine gamle spor, og det er her, når forfattaren spelar ut ein nesten forterpa romantematikk, at boka misser noko både av originaliteten og av intensiteten.

Her blir den heimvendte, som venta, mint om og konfrontert med råskapen, kåtskapen og feigskapen frå ungdomstida. Dei venene som blei att i heimbygda, ser, av ulike grunnar, med skepsis på Thomas. Som ein kunne vente.

I denne versjonen av historia om den vanskelege returen blir det noko kunstig, ja, teatralt over samveret med ungdomsvenene. Slike kommunikasjonsproblem kan det bli stor litteratur av, ikkje minst har Carl Frode Tiller skildra kunsten å forstille seg i samver med andre med slik intensitet at lesaren krympar seg av rein medkjensle med dei hardt prøvde personane. Thomas på si side er ein nokså utydeleg figur som ikkje fangar interessa i same grad.

Prosjektet blir også utydeleg. Er dette ein kritikk av eit samfunn som ikkje er i stand til å ta vare på dei unge? Er det mediesamfunnet som får svi? Eller dei moderne facebook-foreldra? Er det den sørlandske kulturen som gjer at barndomsvenene slit meir enn landsgjennomsnittet? Kva skal alle portretta av bygdefolk tene til? Og kva er Thomas si rolle i alt dette?

Thomas den utydelege

Thomas er utydeleg. Ikkje fordi han ikkje får karaktertrekk, heller ikkje fordi vi ikkje får sjå kva han gjer. Tvert i mot, han får så mange eigenskapar og handlingane hans går i så mange retningar at han etterkvart liknar meir på ein berar av idear enn ein person.

«Historien om et godt menneske» er også på sitt beste der det er etiske dilemma og viktige verdival i sving.

Romanen opnar som nemnt med at Thomas har dikta opp replikkar og lagt dei i munnen på intervjuobjekt. I eit essay om oppveksttida køyrer han fram knallharde utleveringar av enkeltpersonar og av ein kultur under den klingande tittelen «Jeg knytter mine hender små». Ting tyder på at han også her har tøygd sanninga for å få fram poenga sine.

Kva er Thomas? Eg prøver ein siste gong å få grep om denne figuren: I samver med andre er han klønete og tyr til eit breitt spekter av roller som han sjeldan spelar særleg bra. Aleine med tastaturet blir andres liv og ytringar til råmateriale som formar seg til sterke og elegante tekstar under fingertuppane hans.

Levd liv og skrivne tekstar

Slik forstått blir Thomas interessant meir som eit fenomen enn som mannen med altfor mange sider. Men dersom dette er ein roman om å leve og utfalde seg i det uendelege tekstuniverset, blir portretta av gamle vener og mødrer og fedrar og naboar hengande litt på sida. Eg skjønar rett og slett ikkje kva dei ulike elementa har med kvarandre å gjere.

Det eg sit att med etter endt grubling, er to ting: Det eine er språket, som flyt lett og elegant til det plutseleg stoggar seg sjølv i eit originalt og slåande bilde: «Hun leste meg som et åpent sår». Eller heilt enkelt, som her: «Gjennom et hull i sjelen hennes slapp denne ideen ut: Vi flytter bort fra dette»

Det andre er fenomenet Thomas; ein figur som er framand i verda og heime i tekstuniverset der der han – og vi alle – kan sitje og smi saman historier om oss sjølve og andre. Spenningane mellom levd liv og skriven tekst reiser mange spørsmål.

«Av desse to grunnane er det vel verdt å lese romanen «Historien om et godt menneske».»

Tidligere biskop og AA(anonyme alkoholikere)medlem Laila Riksaasen Dahl gjester Salongen. Det er ikke nødvendigvis negativt at dåpstallene går ned. Vi får også vite at programlederen mangler håp.
Jørgen tenker på Skavlan, Åkesson og kosen.
Ferdigsnakka parrer herlig musikk med Birger Emanuelsen sine tekster.

Hør Birger Emanuelsen i Ferdignakka i Salongen på NRK P2.