Hopp til innhold
Anmeldelse

Khemiri – ein unik svenske

Han skriv godt, han skriv humoristisk, han skriv relevant og viktig. Jonas Hassen Khemiri har eit stadig meir krevande rykte å leve opp til. I romanen «Alt jeg ikke husker» som no er ute på norsk, lever han opp til ryktet.

Jonas Hassen Khemiri

Med romanen «Alt jeg ikke husker» forsvarer Jonas Khemiri posisjonen som ein av dei viktigaste skandinaviske forfattarane i sin generasjon.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Den svensk-tunisiske forfattaren oppheva allereie ved debuten den litt slitne termen «innvandrarroman». Ein ting er det opplagte: Khemiri sjølv er fødd i Sverige og er dermed ingen innvandrar.

Viktigare er det at han i bøkene sine inviterer oss inn i ulike miljø, viser oss kompliserte lagnader og fantasifulle overlevingsstrategiar, studerer utanforskap og identitetsutforsking i fullt flor og i fleire generasjonar.

Det er der mykje av litteraturen er for tida. Ikkje at Khemiri underspelar dei problema nye svenskar både opplever og skaper, men dette går inn i eit større bilde og historiene blir allmenne heller enn eksotiske.

Kven var Samuel?

Det er Samuel denne gongen. 26 år gammal køyrer han av vegen og inn i eit tre i høg fart. Var det med vilje, eller var det ei ulykke? Ein svensk-tunisisk (!) forfattar som så vidt møtte karen, bestemmer seg for å skrive ei bok om han, bygd på intervju med slekt, vener, ein gamlekjærast, naboen til bestemora.

Tørre fakta er at Samuel var statsvitar, treivst sånn passe på jobben som byråkrat i Migrationsverket, hadde ei masete mor på mobilen fleire gonger om dagen, den høgt elska mormora var på veg inn i seniliteten, den afrikanskfødde faren hadde vore ute av bildet sidan barndommen, det var slutt med kjærasten og han hadde kome på kant med bestevenen.

Verda smilte ikkje akkurat til Samuel den siste tida. Men derfrå til å ta livet av seg?

Kven eig Samuel?

Forfattaren let intervjua med dei ulike stå opp mot kvarandre og utan kommentarar. Temmeleg forvirrande heilt i starten, men ganske raskt har ein oversikten over dei ulike stemmene.

Det blir eit portrett eg seint vil gløyme. Men ikkje eit portrett slik Rembrandt laga dei, her er det meir Picasso-varianten. Delane heng ikkje heilt saman: Alle har ulike syn på kven han var, og ikkje minst: alle har sitt å forsvare.

Dersom Samuel verkeleg tok livet av seg, blir det før eller sidan spørsmål om skuld: Kven førte han i døden, kven burde sett at han trong hjelp? Kven sit inne med den sanne versjonen av Samuel?

Jeg forstår. Jeg lurer bare på hvorfor du har sløst bort så mye tid. Hvorfor kom du ikke hit før? Hvorfor snakket du med Laide og Panteren og de gamle skolekompisene før du traff meg? (…) ingen kjente Samuel bedre enn jeg.

Jonas Hassen Khemiri / «Alt jeg ikke husker»

Kampen blir ført med alle middel og det minst vakre er at dei prøver å vippe skulda over på kvarandre. Dette blir dermed eit gruppeportrett der delene spriker i fleire retningar, der nokon riv kvarandre i håret, andre snur ryggen til og den gamle bestemora er permanent forvirra over kven som er kven og kven som er død.

Alt jeg ikke husker

Seriøst god bok

Likevel er det eit gripande portrett av ei, rastlaus og raus kar, eller var han eigentleg gjerrig og litt lat? Det kjem an på kven du vel å tru på.

Gripande er også portrettet av kompisen hans, Vandad, som har dårlege vener og mindre å gå på. For ikkje å gløyme skildringane av venskap og kjærleik frå den nervøse starten til den triste slutten.

Men dette er ikkje berre eit portrett du studerer frå avstand: dette er også ei historie om korleis vener, uvener og fiendar påverkar kvarandre. Dette er også ei historie om klasse og hudfarge. Dette er også ei historie om kva folk har å stille opp med når papirlause innvandrarar treng hus eller når ein ven treng nokon og det med ein gong.

Humoren spring ut av alle dei innvikla situasjonane og er dermed djupt grunnfesta i historia, og ikkje fikse påfunn for å lette på stemninga.

Khemiri forsvarer posisjonen som ein av dei viktigaste skandinaviske forfattarane i sin generasjon.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.