Hopp til innhold
Anmeldelse

Livskunst i migrasjonens tidsalder

Når hovudpersonen er ei foreldrelaus, 13 år gammal jente i Rio de Janeiro, er det all grunn til å vente seg ei tragisk historie. Men «Snø fra Brasil» er ikkje tragisk og heller ikkje magisk, utan at det er noko sakn.​

Adriana Lisboa

Adriana Lisboa er ein tørrvittig og skarp observatør som skaper gode bilde, skriv NRKs bokmeldar.

Foto: Julie Harris

Den brasilianske forfattaren Adriana Lisboa er ny på norsk, men kan sjå tilbake på eit 15 år langt forfattarliv med prisar og utmerkingar. At ho også har studert i Japan, vore brasiliansk jazzsongar i Frankrike og omsett bøker frå engelsk og fransk nemner eg i same slengen. Det kan nemleg vere greitt å vite når ein les boka, der handlinga er plassert midt i migrasjonane:

Snø fra Brasil

Adriana Lisboas «Snø fra Brasil», Tigerforlaget 2015.

Her er folk som flyttar på seg av fri vilje eller av tvang. Av det følgjer at klima, språk og alt det andre ikkje lenger er heimleg og naturleg. Det framstår tvert i mot som framand og gjerne «feil», spesielt dersom flyttinga er av den ufrivillige sorten.

Einvegsbillett Copacabana-Colorado

Det er altså Evangelina, eller Vanja som ho sjølv kallar seg som er sentrum i historia. Fødd etter mors distre affære med ein nokså tilfeldig forbipasserande. Eks-mannen hennar er galant og stiller opp som far på fødselsattesten. Alt er såre vel mellom sjø og sand på Copacabana, heilt til mor døyr og det jenta har att i verda er ei tante som ikkje er tante og ein far som ikkje er far. All grunn til å grave seg ned i sanddynene og bli der, men Vanja skriv i staden til mors eksmann, som bur i Denver, Colorado av alle stader, og spør om ho kan flytte dit. Det kan ho.

Målet er å finne den biologiske faren for å gjenskape noko som liknar på familieband. Men ettersom tida går blir eksmannen til mor ein god kompanjong og i nabohuset bur ein illegalt innvandra latinamerikansk familie som treng nokon å stø seg til, på skulen finst det fine folk, og det viser seg at den forferdelege byen Denver også har sine gode sider.

Dessutan: Kven veit om ein far som ikkje eingong veit at han er far, vil bli særleg lykkeleg av at ho dukkar opp frå ingenting?

Liv utan at alt er på plass

Utan å bagatellisere Vanjas sorg over ikkje å ha foreldre, skaper den internasjonalt orienterte forfattaren her eit univers der delte familiar, tilfeldige forbipasserande og innvandrarar med og utan papir, blir noko for kvarandre og tek ansvar for dei som reint faktisk er i nærleiken.

Slikt blir det også eit liv av. Du treng ikkje ha far og mor og fire generasjonar bakover fedreland og same språk i heimen som på gata for å trivst i verda. Det går an å leve med manglar. Som eit illustrererande politisk bakteppe står historia om militærdiktaturet som varte heilt til midt på 80-talet, og som gjorde nokon få til geriljakrigarar og temmeleg mange til tause fiendar av dei som styrte fedrelandet med hard hand. Ingen stor og lykkeleg familie på nasjonalt nivå, heller.

Skarpe, vittige observasjonar

Historia er lagt i munnen på Vanja, ni år etter at ho tok det store spranget frå Copacabana til Denver. Ho er ein tørrvittig og skarp observatør som skaper gode bilde av dei store forskjellane, gjennom å bruke heile sanseapparatet og originale språkbilde: Høyt der oppe i vest lo fjellene seg i hjel av (…) bygningene i Denver sentrum.

«Snø i Brasil» er kort sagt ein enkel og klok roman som tek opp eit stort og aktuelt tema i samtida på ein lett og humoristisk måte utan å flåse med det. Det er all grunn til å ønskje denne romanen velkommen i den veksande bunken av bøker frå Brasil som er omsette til norsk, sjølv om kvaliteten på sjølve omsetjinga er høgst variabel.

Hemmeleg omveg frå portugisisk til norsk

Etter å ha irritert meg over uvanleg mange anglisismar (du kristnar ikkje eit spebarn, du døyper det. Ein gut på ni år studerer ikkje, han gjer lekser) vakna mistanken om at denne romanen ikkje var omsett frå originalspråket, men frå engelsk. Eg bladde fram for å sjekke, men fann ikkje namnet på omsetjaren. Ikkje originaltittelen heller, og ikkje kva for språk boka var omsett frå.

Dette var såpass oppsiktvekkjande at eg kontakta forlaget, som venleg forklarte at omsetjaren hadde eit eige skjønnlitterært forfattarskap og ønska derfor å vere anonym. Ho hadde kjennskap til portugisisk, men brukte både den engelske og den portugisiske teksten i arbeidet med den norske versjonen.

Eg vart forsikra om at den engelske omsetjaren var riktig dyktig og det er det ingen grunn til å tvile på, men denne dugleiken har ikkje smitta over på den norske omsetjaren. Nokon stader er omsetjinga direkte meiningslaus.

God roman, slett norsk

Dersom den språkmektige Adriana Lisboa verkeleg har gått med på at den norske versjonen av romanen hennar skal omsetjast frå engelsk og ikkje frå originalspråket, er det overraskande, men for så vidt greitt nok. Det som ikkje er greitt, er at dette ikkje står oppgitt i romanen.

At omsetjaren ønskjer å vere anonym, er temmeleg paradoksalt, ettersom omsetjarane i mange år har kjempa for at arbeidet deira ikkje skal bli oversett; det er ikkje meir enn eitpar veker sidan sist eg fekk ei tydeleg påminning om at vi hadde gløymt å nemne namnet på omsetjaren av ei utanlandsk bok. OK, det er ikkje greitt at NRK og andre gløymer å nemne omsetjaren, men er heller ikkje greitt at nokon omsetjarar ikkje vil stå for den jobben dei har gjort.

Tilbake til «Snø i Brasil»: Ei lesverdig bok, sjølv om omsetjinga ikkje held mål. Eg les gjerne fleire bøker av Lisboa på norsk, men då må forlaget ha tol og vente til ein portugisiskkyndig omsetjar kan ta jobben.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober