Hopp til innhold
Anmeldelse

Godt om dårlege vibrasjonar

Eit posthumt, fiktivt mord på Margaret Thatcher har fått medlemmer av det konservative partiet i Storbritannia til å rope på politiet. Dei burde heller brukt tida til å lese boka.

Hilary Mantel

Hilary Mantel har skrive boka «Drapet på Margaret Thatcher og andre historier». Forfattaren har tidlegare trollbunde lesarar og kritikarar med to tjukke bind frå Tudor-perioden, og ho fekk Bookerprisen for begge to.

Foto: Justin Tallis / Afp

Novellesamlinga «Drapet på Margaret Thatcher» fall ikkje i god jord hjå meiningsfellene til den tidlegare statsministeren. Når det no er blitt bestemt at BBC Radio 4 skal sende deler av boka i programposten Book at bedtime, rett etter nyttår, har protestane dukka opp på ny. «It's a sick book from a sick mind and it's being promoted by a sick broadcasting corporation» skal ein tidlegare konservativ minister ha uttalt. Kva skal ein med vener når ein har slike fiendar?

Hilary Mantel har naturlegvis slått presist og grusomt tilbake og BBC kan berre fryde seg over feiden. Det er ikkje ulovleg å myrde døde statsministrar i ei krimnovelle. Det kan vere spekulativt og smaklaust, javel, men ulovleg og sjukt? Nei.

Ugreie tilstandar hjå tudors og torys

Mellom Mantels kyndige hender er det forresten verken blitt spekulativt eller smaklaust; ho har kontroll på verkemidla i det vesle som i det store formatet. Dette er forfattaren som har trollbunde lesarar og kritikar gjennom to tjukke bind frå Tudor-perioden i engelsk historie, og ho har hausta lovord og Bookerprisar for begge to. Tredje bind skal kome i 2015, men først altså eit lite sidesprang til fru Thatcher og andre eksistensar frå nær fortid.

Handlinga i dei ti novellene spriker til alle kantar, men går ein meir tematisk til verks kan ein oppdage trådar som bind i alle fall nokre av dei saman: Her er det langt mellom folk, av og til i bokstavleg forstand, nesten alltid i overført meining. Korleis angår ein kvarandre? Kva slags ansvar har vi for situasjonar og skjebnar?

Men dette er sjeldan ein formulert tanke i hovudet på forteljarane. Trass i at dei er sårbare og utsette, er blikket på andre skarpt og nådelaust:

«Mary-Beth var liten og virket oppsvulmet under huden; hun var en kraftløs, fregnete, dvask og falmet rødtopp som virket forsagt og uvant med konversasjoner».

Men kven myrda Thatcher?

Ei kvinne ventar på røyrleggjaren og slepper derfor utan vidare inn ein ukjent mann med stor bag i huset sitt. Men nei, det var ikkje røyrleggjaren. Det viser seg nemleg at soveromsvindauget hennar er perfekt for den som vil skyte fru Thatcher når ho kjem ut bakvegen frå ein klinikk der ho har teke ein augeoperasjon. Kva gjer ein når ein har sleppt ein snikmordar inn på soverommet? Vår dame kjenner seg lett medskuldig og utviklar på imponerande kort tid eit slags Stockholmssyndrom andsynes IRA-mannen som står og glaner ut vinduaget hennar gjennom eit våpensikte.

I novella «Beklager å forstyrre» er det ei britisk kvinne busett i Saudi-Arabia som slepper inn ein framand mann som vil låne telefon. Kvinna, som bur det på grunn av ektemannens jobb, held på å miste forstanden av å leve ein stad der ho knapt kan vise seg utandørs. Ho set derfor pris på avbrotet. Men når mannen kjem igjen og igjen får forholdet ein annan karakter.

Faren ved å sleppe inn framande menn i huset er tydeleg i begge desse novellene, men neppe meint som moralen i historiene. Vi er meir på utforsking av det nervøse samspelet mellom folk som uforvarande dumpar inn livet til kvarandre.

God novellist, briljant romanforfattar

Der krisa ikkje er der frå starten, ligg det ei snikande uhygge eller i alle fall noko ugreitt og rugar. Det kan slå ut i Roald Dahlske sluttpoeng som i «Vinterferie» eller i litt spøkelsesaktige vibbar som i novella «Endestasjon», der forteljaren brått ser den for lengst døde far sin på eit tog. Eit barn som finn glede av å kaste stein på ei sterkt handikappa jente og ein tenåring som slankar seg inn i dødens venterom er med på å understreke at mennesket er eit underleg vesen som kan gje seg til å plage andre eller seg sjølv utan at årsakene framstår som klokkeklare.

Forfattaren har som nemnt full kontroll over verkemidla. Det kan slå over i det litt konstruerte og fikse; ikkje minst slutten på nokre av novellene etterlet ei kjensle av at forfattaren verkeleg har jobba for å finne ein vri. Dette er likevel inga tung innvending. Mantel meistrar novellekunsten, ingen tvil om det. Men det i den historiske romanen ho verkeleg briljerer.

Kulturstrøm

  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK