Hopp til innhold

– Eg tenkjer på døden heile tida

– Eg synest det er merkeleg at ikkje fleire skrivande menneske, eller menneske i det heile teke, er meir besette av døden, seier forfattar Josefine Klougart. Det danske stjerneskotet er enno ikkje fylt tretti år, men har rukke å bli nominert til Nordisk råds litteraturpris heile to gonger.

Josefine Klougart, Jon Michelet og Erna Solberg snakkar med Hans Olav Brenner om døden.

Josefine Klougart meiner me lever i eit samfunn som ikkje ryddar tid og plass til refleksjon over tap og sorg.

– Eg tenkjer på døden heile tida, for å vere ærleg. For å bruke eit moderne uttrykk, er det ein game changer. Kvar ein tanke om døden endrar jo kvar tenkjeleg situasjon, seier 29-åringen.

Sjå Josefine Klougart i samtale med Hans Olav Brenner, Jon Michelet og Erna Solberg i videoen over. Heile programmet ser du på NRK2 kl. 20.55.

Har blitt kjend som Nordens Virginia Woolf

Klougart debuterte med romanen Stigninger og fall i 2010. Både den og tredjeromanen En av oss sover frå 2012 blei nominerte til Nordens gjevaste bokpris. Begge bøkene tek utgangspunkt i det Klougart kallar det geografiske og det mentale landskapet ho vaks opp i rundt Mols på Jylland. Slik vil ho undersøkje kva barndommens omgivnader betyr for oss, og kva det vil seie å ha ein heim i verda.

Fleire kritikarar samanliknar henne med modernisten Virginia Woolf. Klougart vender stadig tilbake til klassiske tema som kjærleiken og døden. Men ho er meir oppteken av døden enn dei fleste, trur ho sjølv.

– Det er eit riktig heftig grunnvilkår me lever under, som me må ha med oss i tankane heile tida, meiner forfattaren.

Meiner kjærleikssorg gjer oss heimlause

I En av oss sover søkjer ho å vise korleis sorga over tapt kjærleik kan utløyse det ho kallar ei eksistensiell heimløyse. Romanen er ei anti-coachingbok som insisterer på å bli i sorga, seier Klougart.

– Me lever i eit samfunn der det ikkje er plass eller tid til sorg, eit effektivitetens og vekstens paradigme. Eg trur det er veldig farleg for oss menneske om me ikkje tek oss tid til å reflektere og til å føle når me mistar noko, seier forfattaren.

Solberg: – Grip sjansane, elles døyr du før tida

Her blir ho til dels utfordra av statsminister Erna Solberg.

– Døden er noko som kjem for oss alle. Eg er meir oppteken av livet, seier Solberg.

Ho fortel at ho har møtt mange menneske i sorg.

– Og det skjønar eg at er ekstremt tungt. Men samstundes meiner eg at noko av det viktigaste me gjer er å få folk til å fokusere på at livet går vidare, at du må gripe dei moglegheitene du har. Viss ikkje, døyr du eigentleg før tida, meiner statsministeren.

Erna Solberg

Erna Solberg vel å ikkje tenkje så mykje på døden.

Foto: Thomas Wiborg / NRK

– Me må våge å stå i sorga for å kunne leve

Men for å kunne gå vidare, er det nødvendig først å stå i sorga, seier den danske forfattaren.

– Det kjenneteiknar jo livet, det å miste, det at noko smuldrar opp mellom hendene på oss. Me tek stadig avskjed med noko. Viss me ikkje tør å sjå på det, mistar me også moglegheita til å sjå det vakre, og det livet som du seier du gjerne vil leve, hevdar ho og viser til Solbergs utsegn om livet som må gå vidare.

– Og det livet kan me berre sjå viss me tør å vere i sorga, trur ho.

Vel å ikkje tenkje på døden

Solberg er einig i at ein må sjå motpolane for å kunne setje pris på livet. Men den potensielt skremmande tanken på ein gong å skulle forlate denne verda, vier ho ikkje særleg med merksemd.

– Nei, eg vel å ikkje tenkje så mykje på det. Viss du vel å leite etter alt du skal vere redd for, får du ikkje gjort så mykje anna, trur statministeren.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober