Hopp til innhold

– Hadde berre alle menn vore som Bjøro

Silya Nymoen blei forelska i mannen som skulle lære henne å synge Johnny Cash. – Han er så stilig, og det er noko med augebryna hans, seier ho om Bjøro Håland, countrylegende og Stjernekamp-coach.

Silya og Bjøro Håland

FORELSKA: Silya Nymoen blei rett og slett forelska i mannen som skulle lære henne å synge Johnny Cash. Ho la ut dette biletet på istagram med teksten: 'Har et lite crush på BjøroHåland og hans fantastiske bryn! For en mann!!'

Foto: Instagram / Skjermdump

Laurdag kveld er det duka for cowboyhattar, ruteskjorter og linedance-moves, når Stjernekamp-deltakarane skal prøve seg på countrysjangeren.

– Eg har sagt det til kona, altså

Bjøro Håland

STILIG: Bjøro Håland køyrer hardt på den vaskeekte amerikanske country-stilen, noko som gjekk rett heim hos Silya Nymoen.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Deltakarane har blitt kursa av det næraste ein kan kome ei norsk countrylegende, nemleg Bjøro Håland.

Han har vore artist i over 40 år, og gitt ut 22 soloalbum og var ein av dei første norske artistane som reiste til Nashville i USA for å spele inn plater. I tillegg er han kåra til ridder.

LES OGSÅ: Bjøro Håland blir ridder

Laurdag sit han i salen under NRK-programmet Stjernekamp etter å ha vore coach for deltakarane veka i framkant.

Han har kanskje vore utanfor det norske rampelyset ei stund, men no har han gjort comeback i Silya Nymoen sine draumar.

Silya og Bjøro Håland

INSTAGRAM: 'For en mann' seier Silya Nymoen om country-stjerna Bjøro Håland som har lært henne country-triks denne veka.

Foto: Instagram / Skjermdump

– Han kler seg så fint, og han er så flott, eg kan tenke meg han går kledd slik kvar einaste dag, seier Silya drøymande om det gjennomførte amerikanskprega country-antrekket ho har sett Håland gå kledd i.

– Eg har sagt det til kona hans også, at ho er heldig som har ein så flott mann, forsikrar ho.

– Er jo litt svak for damene

Bjøro Håland sjølv tek det meir enn gjerne til seg at ei vakker dame som Silya Nymoen er «hemmeleg forelska» i han.

– Det er fantastisk fint at nokon kan finne på å seie så fine ting. Eg er jo litt svak for damene, så slike flotte ord tek eg imot med takk, seier ein smigra Håland.

Silya har ingen erfaring med countrymusikk, og etter coaching av Bjøro Håland skal ho laurdag ta føre seg Johnny Cash-låta Ring of Fire. I tillegg til forelskinga, har ho også fått noko fagleg ut av møta med Bjøro Håland.

Hank og Bjøro Håland

INSTA-STARSTRUCK: Hans-Erik Duvik Husby syns det var stor stas å møte ei norsk countrylegende. Her skryt han av kjendis-møtet sitt på Instagram.

Foto: Instagram / Skjermdump

– Det er veldig fint å få tips frå nokon som kjenner sjangeren så godt som han. Bjøro hadde mange gode tips, held ho fram.

– Ein forkjærleik for cowboyromantikken

Også Hans-Erik Duvik Husby går for Cash når han skal på scenen laurdag, men det blir ingen duell mellom han og Silya.

– Eg har vald ei låt som er frå ei heilt anna epoke i Johnny Cash sitt liv, seier Hans-Erik, som skal framføre «The Man Comes Around», ein av dei siste låtane Cash skreiv før han døydde.

Det er ei kjenslelada synge-snakke-låt proppfull av bibelreferansar.

– Eg likar den meir spirituelle delen av Johnny Cash sin musikk. Det er mange tiår mellom låta eg skal synge og «Ring of Fire »som Silya skal synge, og eg trur det blir ein kul kontrast i programmet, seier han.

Også Hans-Erik Duvik-Husby, betre kjent som Hank von Helvete, tidlegare frontfigur i rockebandet Turboneger, vedgår at han er stolt over å ha møtt mannen som han hevdar alltid har vore eit idol, ei legende i livet hans.

– Har den hardbarka turborockaren Hank von Helvete alltid hatt ein gammal countryartist som idol, altså?

– Hehe, ja. Eg har eigentleg alltid hatt ein forkjærleik for cowboyromantikken, heile estetikken er veldig tøff. Eg har reist mykje i USA og alltid likt meg godt utanfor dei største byane, særleg i Texas og i Midtvesten, seier han.

– Hans-Erik har teke på seg ei vanskeleg oppgåve med låtvalet, fordi det er mykje prating inni songen. Ein skal kunne teksten veldig godt. Eg gler meg til å høyre han, seier Håland.

Håpar på eit comeback for countryen

Han seier det har vore ei fin veke, og er spent på korleis artistane tolkar countrysjangeren på scenen laurdag kveld.

– Det er ein flott bukett med artistar. Det har vore ei god oppleving å vere coach for så flinke folk. Eg håpar at artistane tek med seg dette vidare, og kanskje gir den gamle countryen eit comeback. Sjangeren var veldig stor ein gong i tida, og det skulle eg gjerne ha sett den bli igjen, seier Håland.

– Det fins så mange flotte melodier som mange i dag ikkje eingong har høyrt, seier Håland.

«I love Norwegian Country»

Kanskje Stjernekamp-artistane klarar å blåse liv i den gamle countrymusikken, som ikkje nødvendigvis har hatt særleg stor plass i det kommersielle musikklandskapet dei siste åra.

Får Håland-låta I love Norwegian Country nytt liv etter laurdagkveldens country-aften?

Momarknaden i 1983

Bjøro Håland syng I love norwegian country på momarknaden i Østfold i 1983.

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.