Hopp til innhold

Blandar Mozart og Michael Jackson

Fiolinisten David Garrett blandar nye og gamle klassikarar på konsertane sine – av Run-D.M.C., Michael Jackson, Mozart og Vivaldi. – Ole Bull og dei andre store virtuosane på 1800-talet gjorde akkurat det same, seier han.

David Garrett

David Garrett held konsert i lag med bandet sitt i Folketeateret i Oslo 21. november.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

21. november held David Garrett crossover-konsert i Folketeateret i Oslo, to og eit halvt år etter at han spelte Max Bruch sin første fiolinkonsert i Grieghallen saman med Bergen Filharmoniske Orkester.

– Eg elskar å omarbeide til fiolinen musikk som eg likar å lytte til, seier Garrett til NRK.no, som møter han i ein dunkelt belyst salong i Grand Hotel i Oslo.

Høyr David Garrett sin versjon av Run-D.M.C/Aerosmith-klassikaren «Walk This Way»:

– Ser på meg sjølv som tradisjonell

David Garrett

David Garrett speler frå Beethoven sin fiolinkonsert på Grand Hotel.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK
Ole Bull

Ole Bull.

Foto: Arkiv / Scanpix

Mellom artistane Garrett likar å lytte til, er AC/DC, Led Zeppelin og Nirvana. Han lagar også eigne arrangement av eldre klassikarar – eller blandar gammalt og nytt. Men han smiler lurt når han blir spurt om kvifor han valde så utradisjonelt:

– Det morosame er at eg ser på meg sjølv som ein veldig tradisjonell fiolinist, særleg samanlikna med dei store virtuosane på 1800-talet som Ole Bull, Sarasate, Paganini og Wieniawski, seier Garrett.

– Alle desse gjorde akkurat det same som eg gjer no: Dei tok popmusikken i samtida og omarbeidde den til sitt eige instrument. På denne måten nådde dei fram til eit publikum som kanskje normalt ikkje ville høyrt på stykke for klassisk fiolin.

Les: Norsk-britisk fiolinkomet i Vogue

Garrett synest det er trist at det har gått av moten å spele musikk som ligg utanfor det klassiske repertoaret:

– Popmusikken i vår tid er kanskje meir mangfaldig, men det betyr ikkje at den ikkje er god, eller at ein ikkje kan spele den på fiolin. Det er ei utfordring, men eg elskar utfordringar!

Sjå David Garrett sin flash mob med «Smooth Criminal» av Michael Jackson med innslag frå Mozart sin «tyrkiske» fiolinkonsert nr. 5:

– Vil nå min eigen generasjon

David Garrett har så langt selt om lag ein million album på verdsbasis. 31-åringen har eit klart uttalt mål om å nå unge menneske med klassisk musikk:

– Det er viktig for alle musikarar å introdusere musikken ein elskar til sin eigen generasjon, enten ein driv med klassisk, rock eller R&B. Eg ser på det som eit ansvar eg er nøydd til å ta. Det finst fantastisk, klassisk musikk som burde bli høyrt, og eg kjenner meg som ein ambassadør for sjangeren.

Les: Slik gjer svenskane millionbutikk på klassisk musikk

Sjølv forelska Garrett seg i klassisk musikk allereie i treårsalderen, året før han byrja å spele fiolin.

– Eg høyrde på mange av mamma sine LP-ar, særleg dei med musikk av russiske komponistar som Tsjajkovskij, Prokofjev og Stravinskij. Eg huskar særskilt godt Vårofferet av Stravinskij, det berre elska eg å lytte til.

David Garrett

David Garrett under Verbier-festivalen sist sommar.

Foto: © Aline Paley

Kreisler den største fiolinhelten

På den neste cd-en Legacy, som blir lansert internasjonalt i byrjinga av november (norsk utgjevingsdato er ikkje fastsett), speler han Ludvig van Beethoven sin fiolinkonsert og musikk av den austerrikske fiolinisten og komponisten Fritz Kreisler (1875-1962). Kreisler er den unge tysk-amerikanaren sin aller største fiolinhelt:

– Kreisler var ein fantastisk fiolinist og ein svært talentfull komponist, samstundes som han arrangerte tidas populærmusikk for fiolinen. Eg ser verkeleg opp til han. Dette er eit fint høve til å introdusere han for eit nytt publikum.

Vanskeleg å vere tenåringsstjerne

Itzhak Perlman

Itzhak Perlman.

Foto: Timothy A. Clary / AFP

Då David Garrett spelte inn fiolinkonsertar av Mozart som 14-åring, var han den yngste nokon gong som hadde fått solistkontrakt med det leiande klassisk-selskapet Deutsche Grammophon.

– Det var ei vanskeleg tid, for i så ung alder har ein ikkje klart for seg kva ein vil gjere med musikken eller med livet sitt. Eg visste at eg likte det eg gjorde, men eg var ikkje klar for å binde meg til ein karriere som musikar. Eg trur ikkje nokon 13-14-åringar er klar for det.

Det var først som student ved Juilliard School i New York, han fann ut korleis han ville bruke talentet sitt. Han fekk god hjelp av fiolinlæraren sin, den verdsberømte fiolinisten Itzhak Perlman:

– Han sa aldri «spel det slik», han sa i staden «ikkje lytt til andre, finn din eigen versjon og forklar den for deg sjølv. Ikkje bli for påverka av andre – ikkje eingong av meg.»

Sjå: Kontorkonsert med Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegård


Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober