Hopp til innhold

Avslørte Mozart-bløff på Youtube

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ville du klart å skilje mellom eit ekte Mozart-stykke og ei etterlikning frå vår eiga tid? Les om pianisten som presenterte eigen musikk som Mozart- og Haydn-stykke.

Det siste halvåret har ein pianist lagt ut videoar der han spelar små pianostykke under psevdonymet «The Mad Rhino» på Youtube-kanalen TheMadRhino3, med fiktive titlar av komponistane Mozart, Haydn, Mendelssohn og Bach.

– Kan vi bevise at det ikkje er av Mozart?

Den britiske musikkbloggaren Norman Lebrecht la sist onsdag ut Mozart-videoen øvst i artikkelen på bloggen sin, og spurde lesarane om dei kunne identifisere Mozart-stykket. Den første kommentaren kom kjapt:

– Dette er ikkje Mozart!

– Er du sikker? Kan vi bevise det? spurde Lebrecht tilbake, noko som leidde til fleire innlegg og ein førebels konklusjon i løpet av dei neste timane:

– Musikken i videoen høyrest meir ut som ein smart (moderne) pastisj, kanskje av pianisten sjølv. Lytt til førstesatsen ved 4:20; modulasjonane høyrest ikkje ut som noko Mozart ville ha tenkt ut, skreiv «PJ» i ein av kommentarane på bloggen.

Luringen står fram – med imponerande merittliste

Seinare same dag følgde ein ny diskusjon om eit påstått Haydn-stykke, og neste dag om ein video med ein «song utan ord» av Felix Mendelssohn. Her vart det peikt på at det var openberre feil i katalognummera som er brukt, og komponisten måtte tole å bli kalla både klønete og amatørmessig.

Neste dag slo Lebrecht fast at det var ein spøkjefugl laus på Youtube, og bad om hjelp til å finne identiteten hans. 2. påskedag kunne han avsløre «The Mad Rhino» som Dmitry Feofanov – bekrefta av pianisten sjølv.

Dmitry Feofanov er opphavleg frå Moskva, der han i si tid studerte pianospel og direksjon. Han emigrerte til USA før Sovjetunionens fall, og etablerte ein ny karriere som advokat i Chicago.

Feofanov viser seg å ha ei imponerande musikalsk merittliste å vise til: han har som pianist løfta fram ein ukjent pianokonsert av den svenske komponisten Wilhelm Stenhammar, og som musikkforskar har han kome med viktige innspel i debatten om Dmitri Sjostakovitsj' forhold til Sovjetunionen.

Sjå Feofanov som konsertpianist, med musikk som heilt sikkert er av Sergej Prokofjev:

Står i ein «nobel tradisjon»

Som eit hint til skeptiske lyttarar og tittarar, har Feofanov lagt inn initialane sine i videotitlane. I korrespondansen Lebrecht gir att på bloggen sin, viser Feofanov dessutan til ein «nobel tradisjon» for å gjere det han gjorde – å presentere eigne verk som ukjend musikk av store meistrar.

Lista over slike lurekomponistar er lang. Den mest berømte og truleg mest suksessrike var Fritz Kreisler (1862–1962), ein av 1900-talets største fiolinistar.

Han presenterte ei rekkje av sine stykke som musikk av kjende historiske komponistar, og fleire av dei vart svært populære. Då han stod fram som komponisten av stykka i 1935, resulterte det i både humring og irritasjon – noko som sikkert også vert Dmitry Feofanov til del i dag.

Les: Kreisler den største fiolinhelten

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)