Hopp til innhold

Aslak Gjennestad

- Eg vaks opp med kassettar og singelplater med gamle, gode artistar. Mamma hadde meg på fanget, spelte gitar og song gamle slagarar. Slik fekk Aslak smaken på musikken.

Aslak Gjennestad
Foto: Promo

Aslak skal underhalde oss på laurdag med songen ”Montain Dew” (Trad.), men allereie no kan du sjå musikkvideoen til Aslak her

Askeladden

Første gong Aslak opptredde på ei scene var då han gjekk på barneskulen, han hadde rolla som Askeladden. I beksaumsko og nikkers trur han at han gjorde rolla ganske bra. Med stor innleving ropte han ”jeg fant, jeg fant” og ”jeg har slikt å gjøre, jeg har slikt å føre, så jeg fører da vel det”.

- Eg forstår framleis ikkje heilt kva det betyr, seier 25-åringen.

Dorull

Det er ikkje berre som Askeladden Aslak har stått på scena. Han har hatt ein god del med spelejobbar sidan den gong, og det har ikkje alltid gått som han hadde håpa på.

- Eg hadde ein spelejobb der eg var veldig forkjøla. Difor satt eg med ein dorull på keyboardet og måtte snyte meg mellom alle songane. Noko som var ganske sjenerande i mikrofonen.

Store draumar

Aslak Gjennestad
Foto: Promo

For Aslak er det ikkje enkelt å plukke ut eit album som han liker best, av den enkle grunn at det er så mange.

- Men dei artistane som har inspirert meg aller mest er George Jones, Buck Owens, Vestal Goodman og Little Jimmy Dickens.

Den store draumen til Aslak er å gi ut eit album.

- Toppen av kransekaka måtte det bli å få synge duett saman med ein av mine favorittartistar, helst George Jones.

Kva vil du bruke pengane du vinn på?

- Eg vil bruke dei på å gi ut eit album.

På gøy med Aslak:

Kva er den raraste jobben du har hatt?

- Eg vandra rundt i ei alt for stor KIWI- kostyme i sommarvarmen i gatene i Arendal. Då delte eg ut is til borna. I tillegg har eg blant anna vore fugleskremsel og gatesongar.

Kva er det raraste du kan finne på når du har ein fridag?

- Eg har tilbredt og spist middag oppe i ei eik, vore med på å arrangere møte i ”Norsk Galeforbund” og gått utkledd rundt i gatene i Grimstad der eg og nokre andre prøvde å verve folk til ”Bananforbundet”.

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

- Eg klarer ikkje å skrive med ordliste på mobilen.

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

- Veldig billige gardiner til stova, dei viste seg å likne på myggnetting med ein ekkel grønfarge då eg hang dei opp.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober