Hopp til innhold

Anne Aasheim får kulturtoppjobb

Anne Aasheim får jobben som ny direktør i Norsk Kulturråd.

Anne Aasheim og Anniken Huitfeldt

Anne Aasheim gjekk av som Dagblad-redaktør i januar i år. I dag presenterte kulturminister Anniken Huitfeldt henne som ny direktør i Norsk Kulturråd.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

I statsråd i dag vert tidlegare Dagblad-redaktør Anne Aasheim utnemnt til ny direktør for Norsk Kulturråd . Ho har også vore distrikts- og nyhenderedaktør i NRK.

– Kulturrådet står overfor store organisatoriske utfordringar, og eg ynskjer å tilretteleggje for dei dyktige fagfolka på best mogleg måte. Endringane statsråden varsla i budsjettet gav dei svara eg trengde for å seie ja til jobben, seier Anne Aasheim.

Ikkje på søkjarlista

Aasheim tek over jobben etter Guri Skjeldal, som til har vore fungerande direktør i Kulturrådet sidan Ole Jacob Bull slutta 31. juli. Direktør-stillinga er eit åremål på seks år, som kan fornyast éin gong.

Søkjarlista som vart offentleggjort i juli i år, viste at 10 personar hadde søkt stillinga som ny direktør i Kulturrådet. Anne Aasheim stod ikkje på søkjarlista som då vart presentert.

Tidlegare har mellom andre Høgres kulturpolitiske talsmann Olemic Thommesen kritisert tilsetjingsprosessen for å vere for hastig. Stillinga vart lyst ut med berre to veker søknadsfrist, noko Kulturdepartementet har uttalt er heilt vanleg ved ei slik utlysning.

Ansvar for store tildelingar

Kvart år mottek musikk, biletkunst og andre kunstformer hundrevis av millionar kroner i statleg stønad gjennom Norsk kulturråd. Frå 2011 får kulturrådet også ansvar for oppgåver innan museum og arkiv, som vert overført frå ABM-utvikling.

Anne Aasheim tek dermed over i ein periode der kulturrådet er inne i ein stor endringsprosess. Direktøren er sjef for kulturrådets administrasjon, og skal ikkje fatte politiske vedtak.

– Anne Aasheim er den beste vi kunne fått i denne jobben. Ho har brei røynsle med å jobbe i store organisasjonar og med å leie omfattande omorganiseringar. Ikkje minst har ho solid innsikt i norsk kulturliv, sa Anniken Huitfeldt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)