Hopp til innhold

Alexander Rybak

I sommar fekk fiolinisten Alexander Rybak ein ganske kreativ idé. Han tok bussen til Vadres og overnatta hos folk han ikkje kjente mot å spele for dei.

Alexander Rybak
Foto: Promo

Når Alexander skal synge og spele for oss på laurdag er det med songen "Fever" av O. Blackwell og E. Coolie. Men han skriv og sine eigne songar, på musikkvideoen hans  kan ein sjå Alexander synge "Foolin", som han altså har laga sjølv.

Fiolinen vant  

Alexander Rybak blei født i Minsk våren 1986, og allereie som femåring byrja han å spele piano og fiolin, men det var fiolinen som til slutt vant, og som no har gjort til at 20 åringen har vore med på mykje spennande.  

Som då han reiste rundt i Valdres-området og spelte for kost og losji, men det har og vore andre ting ungguten har vore med på.

Han har spelt saman med blant anna Stephan Ackles, Morten Harket og Knutsen og Ludvigsen.

- Då eg spelte på konserten med Morten Harket byrja eg å spele heilt feil song. Eg tok meg fort inn igjen, og han merka ingenting, men gitaristen såg litt surt på meg.

Alexander Rybak
Foto: Promo

Dele draumen

Draumen til 20 åringen er å kunne leve av musikken, og å finne ei søt jente som han kan dele denne draumen med.

- Det hadde vore noko det!

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Kjøpe ei ny fele, alt anna er betre enn den eg har no.

På gøy med Alexander:

Har du nokre spesielle interesser?

- Eg er treningsinstruktør på Friskis & Svettis i Oslo.

Kva slags Disneyfigur ville du helst vore?

- Udyret! Han fekk jo DEN søte jenta, endå han ikkje var noko særleg å sjå på. DET er ekte kjærleik.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)