Dette seier ho trass i at lønningane i omsorgsyrka er låge, at sjukefråveret i omsorgssektoren er større enn i andre yrke og at dårlegare økonomi har tvunge fram stadig fleire innstrammingar i omsorgstenesta i dei fleste norske kommunene. Så kva er det som får kvinner til å halde ut i dette yrket?
Å gjere godt for nokon
«Jeg visste ganske tidlig at jeg hadde lyst til å jobbe med mennesker», seier ho. «Man bygger seg opp en omsorg for andre mennesker fordi man har opplevd mye vondt og har sett at livet ikke er så flott. Og føler at man har overskudd og vilje til å endre noe for noen.»
Omsorgsarbeid typisk kvinneleg?
93 prosent av dei som jobbar som sjukepleiarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar er kvinner. I aldersgruppa 25 til 44 år brukar mennene berre 2 prosent av tida si til stell av barn, kvinnene 14 prosent. Er det verkeleg slik at kvinner framleis er «dømde» til å drive omsorg heile livet?
Med Monica på pasientrunder
I denne radiodokumentaren følgjer vi Monica på pasientrundene hennar i heimesjukepleien. Heilt frå ho var ei lita jente har ho følt ansvar for å vise omsorg.
Dikt frå samlinga Gaupehjerte
av Cindy Haug (1993):
«Jeg liker å vaske de gamle kroppene Berøre hud
flette hår stryke noen over kinnet Et smil Jeg er dem
Jeg stryker den lille jenta inni meg over kinnet og ser henne
smile Jeg er min egen mor»
«Stryke noen over kinnet»
Ei fortelling om kvinneleg omsorg
Ein radiodokumentar av Lars-Helge Myklebust.
Teknisk regi: Geir Hauger
Konsulent: Berit Hedemann
Laurdag 16. august kl.10.15 og måndag 18. august kl. 20.00