Hopp til innhold

«Broren til» solgt til Frankrike

Sketsjen «Broren til» frå programmet Karl Johan blir no vist på fransk TV: – Trikset er eit vanvitig kostymelager og å spionere på folk 150 meter unna, fortel programleiar Erik Solbakken.

Broren til på Venice Beach

TVILLING I USA: Frå før har folk i USA midtvegs i intervju oppdaga ein så langt ukjend tvilling. No er det franskmennene som skal bli overrumpla av ein meir eller mindre slåande lik 'Broren til' på TV. På bildet er det Erik Solbakken som har kledd seg opp og Hasse Hope som intervjuar.

Foto: NRK

Sketsjen der folk blir stoppa på gata for intervju og plutseleg får besøk av ein «tvilling» har no blitt eksportert til Frankrike. Det er kanalen D8 som har kjøpt inn sketsjen frå NRK-programmet Karl Johan:

– Vi var veldig usikre på om noko av humoren i Karl Johan ville fungere utanfor Norge. Det er veldig artig at ein fransk TV-kanal no sender «Broren til», fortel programleiar Hasse Hope.

(Sjå den franske versjonen her, saka fortset under videoen)

Franskmenn meir verbale

Samen med Erik Solbakken har dei stoppa vilt framande på gata i Oslo sidan 2012. I 2015 vann «Karl Johan» Gullruten for beste humorprogram. Programleiar Solbakken seier dette om den franske varianten av sketsjen:

– Franskmenn er mykje meir verbale. Om du samanliknar ein person frå Paris mot ein litt introvert totning, så går snøvla mykje raskare i Frankrike. Eg syns dei greidde å treffe bra på kostyma, og det er det aller viktigaste.

– Kva er løyndomen bak å greie og tidvis bli veldig lik dei de intervjuar?

– Eg sa til franskmennene at dei måtte dra til det største kostymelageret og tømme det for alt av sesongplagg. Det dreier seg om store mengder klede og hurtigskift.

(Saka fortset under bildet)

Karl Johan

FRANSK REVOLUSJON: Hasse Hope og Erik solbakken sin humor og påfunn har no spreidd seg til Frankrike. Kanskje kan dei to starte ein aldri så liten fransk TV-revolusjon?

Foto: Anne Liv Ekroll, NRK / Anne Liv Ekroll, NRK

Kan bli siste sesong

«Karl Johan» starta i 2012 og har blitt vist på NRK1 og NRK3. Den franske TV-kanalen D8 har mellom 1 til 1,5 millionar sjåarar og sende første versjon av «Broren til» i september. Solbakken fortel dei brukar ein anna viktig metode for å kunne overraske intervjuobjekta:

– Trikset er at vi spionerer på personar som kjem ned gata på 150 meters avstand. Då ser vi ut folk som verkar interessante. Medan dei går mot oss startar klesskiftinga. Folk blir stoppa og prata med i maks to minutt. Etter det kjem «Broren til» plutseleg, fortel komikaren.

Onsdag 28. oktober går det som kan bli siste sesong av «Karl Johan». På spørsmål om det blir meir av serien, svarar Solbakken dette:

– Det er usikkert, denne sesongen kan bli den siste. Vi veit ikkje kva framtida bringer, fortel programleiaren noko løyndomsfull.

Sjå den originale "Broren til"

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober