Hopp til innhold

– Zlatan får ungdom til å lese meir

Den svenske fotballspelaren Zlatan Ibrahimovic har gjennom sin biografi fått ungdom til å lese meir, meiner ein jury som har nominert han til ein svensk kulturpris.

FBL-ITA-PALERMO-AC MILAN

Fotballstjerna Zlatan Ibrahimovic bidreg også utanfor bana.

Foto: MARCELLO PATERNOSTRO / Afp

zlatan ibrahimovic bok

«Jeg er Zlatan» kjem på norsk i regi av Font Forlag.

Foto: NTB scanpix

Fotballspelaren Zlatan Ibrahimovic kan få Läkerols kulturpris den 13. juli fordi han har fått «unge til å gjenoppdage bokas verd».

Sjølvbiografien «Jag är Zlatan» handlar om livet til fotballstjerna som vaks opp i det belasta innvandrarstrøket Rosengård i Malmø, av fattige foreldre frå Bosnia og Kroatia, og vart ein av verdas mest kjente fotballspelarar.

Han har vunne åtte ligagull med storklubbar som Ajax, Inter, Juventus, Barcelona og Milan.

Samt vorte berykta for ukonvensjonell oppførsel både på og utanfor bana.

LES OGSÅ: Zlatan avslører trenerdrøm

Openhjartig biografi

Zlatan gir sjeldan intervju, men i samarbeid med den svenske journalisten og forfattaren David Lagercrantz skreiv Zlatan ein openhjartig sjølvbiografi.

Boka sel som varmt kveitebrød i Sverige. Den har også blitt lånt flittig på biblioteka.

Så flittig at biblioteka måtte ut med oppimot ein million svenske kroner til forlaget fordi boka var så populær. For kvar e-bok som vart utlånt måtte dei ut med 20 svenske kroner, skriv svt.se.

Kan få pris

Läkerols kulturpris har vorte delt ut i Sverige sidan 1971 og i Danmark sidan 1955. Etter ni års pause vart prisen gjeninnstifta frå 2009, med eit meir folkeleg fokus.

Tidlegare mottakarar er blant andre Povel Ramel, Piet Hein, Ghita Nørby og Olle Adolphson.

Dei andre nominerte i år er Eurovision-vinnar Loreen, DJ-en Avicii og FN sin svenske visegeneralsekretær Jan Eliasson.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober