Hopp til innhold

– Vanskelegast å lage musikk til sprengingsaksjonen

Tungtvassaksjonen stilte store krav til dei medverkande. For TV-seriens komponist var sprengingsaksjonen den mest krevjande delen av historia å setje musikk til.

Utdrag fra fjerde episode av «Kampen om tungtvannet», sprengingsaksjonen.

I dette klippet kan du høyre korleis komponisten blandar musikk med lyd frå handlinga like før eksplosjonen. (Foto: John Christian Rosenlund/Filmkameratene AS)

TV-serien «Kampen om tungtvannet» nådde ein førebels spenningstopp med sprenginga av tungtvassanlegget på Vemork i fjerde episode. Den delen av episoden som handlar om sabotasjeaksjonen utgjer ein nesten 20 minutt lang stigande spenningskurve fram mot eksplosjonen og flukta etterpå.

– Først prøvde eg den vanlege løysinga med heftig musikk heile vegen, med masse trommer, men det fungerte ikkje, seier Kristian Eidnes Andersen (48), den danske komponisten bak musikken i serien.

TV-serien er med sine seks episodar fire og ein halv time lang, og ein stor del av tida er Andersens musikk med på å fortelje historia. Andersen har tidlegare mellom anna skrive musikk for dei danske stjerneregissørane Lars von Trier og Thomas Vinterberg.

Utdrag fra fjerde episode av «Kampen om tungtvannet», fra nedstigningen mot Vemork-anlegget.

Her kan du mellom anna høyre komponistens bruk av perkusjon (frå starten av videoen) og «heltetema» med horn (frå 01:45).

Horna seier «her kjem heltane»

Det første utkastet til musikk til denne delen, med perkusjon og høg intensitet heile vegen, kom aldri så langt som til regissørens øyre. Komponisten kom raskt fram til at andre verkemiddel måtte til:

Kristian Eidnes Andersen

Kristian Eidnes Andersen.

Foto: Helga Theilgaard

– Det måtte heile tida vere utvikling og forandring i musikken, slik at ein kunne halde på spenninga, forklarer Eidnes Andersen.

– Vi løyste det ved å bruke tre element: Trommer og perkusjon var det første elementet. Dette gjekk over i djupe, dystre tonar, musikalske «skjebnetema» som la til eit slags skjebnenivå under den actionfylte handlinga. Det tredje elementet bestod av «heltetema» spelt på horn. Den musikken seier «her kjem heltane». Slik kan musikken fortelje noko på eit anna plan enn bileta.

– Du kan ikkje «køle på» heile tida

Regissør Per Olav Sørensen

Per Olav Sørensen.

Foto: Sturla Bakken

Regissør Per Olav Sørensen er samd i at sprengingsaksjonen var den vanskelegaste å setje musikk til:

– Å lage musikk til 20 minutt med action er svært vanskeleg, seier Sørensen, som også samarbeidde med Eidnes Andersen om TV-serien «Halvbroren».

– Du må velje dine augneblinkar, du kan ikkje «køle på» heile tida. Ein må trekkje ut og legge til, og blande klassisk og moderne. Dette strekket vart som ein slags lydkomposisjon med ei blanding av actionlyd, musikk og replikkar.

Høyr heile intervjuet med Kristian Eidnes Andersen og Per Olav Sørensen i Spillerom:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober