– Eg er veldig nøgd, dette var jo det optimale vi kunne oppnå, seier forsvarar Pål Berg.
I avgjersla skriv Høgsterett at grunnlaget for dommen i Borgarting lagmannsrett var mangelfulle, og at dei difor opphevar den.
Odd Nerdrum får no saka si teken opp på ny i lagmannsretten.
- LES MEIR:
Nerdrum vart i lagmannsretten i juni dømt til to år og ti månader i fengsel for skatteunndragning.
– Glad og letta
Advokaten har ikkje fått snakke med Nerdrum, då han er i Frankrike, men dommen er formidla.
– Eg snakka med kona hans, og ho var veldig glad og letta, seier Berg til NRK.
Nerdrum er funnen skuldig i tingretten, og det er berre sakshandsaminga som har vore oppe i høgsterett, ikkje skuldspørsmålet.
– Dette betyr indirekte at langmannsretten sin dom er feil. Og dette er ein viktig delsiger, seier Berg.
Han kan ikkje sei noko om når saka vil komme opp på ny i lagmannsretten.
– Framleis ikkje tvil
– Påtalemyndigheitene tek dommen til etterretning, og konstaterer at høgsterett ikkje er nøgd med lagmannsretten si grunngiving for deira domsresultat, seier aktor, Erik Førde til NRK.
Nerdrum har heile tida hevda si uskuld, og meiner påtalemyndigheitene berre har teke det skattemyndigheitene seier til følge. Han meiner saka har vore handsama feil, og at opplysningane som vert brukte som bevis, ikkje stemmer.
– Etter vår oppfatning er det framleis ikkje tvil om at han har halde unna omsetning, han er uansett dømt i tingretten, og no er konsekvensen ei ny runde i lagmannsretten, seier Førde.
I fjor viste fleire saker i Dagbladet til at det er bevis som ikkje er førte for retten, og dei meinte å kunne bevise at Nerdrum har betalt skatt for deler av kravet han er dømt for.