Hopp til innhold

– Eg stod der tårevåt og forsøkte å dirigere

Dagen etter at sambuaren og sonen nesten mista livet i ein dramatisk fødsel, måtte han leie 80 musikarar på orkesterprøve. Eivind Gullberg Jensen fortel om sin verste dag på jobben som dirigent.

Eivind Gullberg Jensen

Eivind Gullberg Jensen frå Stord er etterspurt som dirigent både i Noreg og i utlandet.

Foto: Paul Bernhard

Eivind Gullberg Jensen frå Stord vart i haust den første norske dirigenten som leia Berlin-filharmonien sidan 1960-talet. Han er sjefdirigent for NDR Radiophilharmonie i Hannover og godt i gang med ein internasjonal karriere.

Les: Får køyre musikkens Mercedes

Som dirigent er han i medvind, men i Sommer i P2 fortel Gullberg Jensen også om dei vanskelege sidene ved yrket. Det tyngste minnet dreier seg om då sonen hans vart fødd i 2006.

Dramatisk fødsel

Då Gullberg Jensen vart far for første gong i 2003, skjedde nedkomsten på eit svært gunstig tidspunkt, i ein femdagersperiode mellom to dirigentoppdrag. Men då nummer to skulle kome til verda, klaffa det ikkje like godt.

– Det var planlagt keisarsnitt på grunn av forliggande morkake, fortel Gullberg Jensen til NRK.no.

– Men fødselen sette i gong for tidleg, og det oppstod ein svært dramatisk situasjon. Mora mista veldig mykje blod, og fødselen kunne ha teke livet av både henne og guten.

Kom seg ikkje med flyet

Medan dramaet stod på der heime, var dirigenten på oppdrag i Tallinn, der han skulle leie Estland nasjonalorkester seinare i veka.

– Morgonen etter fødselen forsøkte eg å kome meg med morgonflya tilbake til Bergen, men eg fekk ikkje plass før på flya som skulle gå sju-åtte timar seinare, seier han.

– Vil alltid forbinde den symfonien med son min

Dermed bar det tilbake til orkesteret for å leie dagens orkesterprøve – orkesteret hadde nemleg ikkje fått på plass ein erstattar enno.

– Det var ein absurd situasjon. Framfor meg var 80 musikarar eg knapt kjende. Eg klarte ikkje å seie noko om det som hadde skjedd, men rykta hadde jo gått.

– Audmjuk, patetisk og til tider tårevåt stod eg der og forsøkte å dirigere ein av Sibelius sine vakraste melodiar, svanetemaet frå den femte symfonien. Eg kjem alltid til å forbinde den symfonien med sonen min, seier han i programmet.

Høyr frå symfonien:

(Spelt av NDR Radiophilharmonie Hannover, dirigert av Eivind Gullberg Jensen.)

Har dårleg samvit for å vere mykje borte

Då Eivind Gullberg Jensen stifta familie så tidleg i sin løpebane som dirigent, trudde fleire kollegaer det var spikeren i kista for karrieren. Det vart det ikkje, men han legg ikkje skjul på at dei mange reisene legg press på familielivet:

– Eg saknar borna frå eg set meg på flyet på Flesland til eg kjem heim att, seier Gullberg Jensen i Sommer i P2. Og han spør seg sjølv:

– Har eg dårleg samvit for å vere så mykje borte frå borna? Ja. Men vi har lært oss å glede oss over den tida vi har i lag, i staden for å vere frustrert over tida vi er frå kvarandre.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.