Hopp til innhold

– Det er som å vere i ei stor songboble

Slik gjekk det då 3-4000 koristar frå heile landet song seg gjennom dei 899 salmane i salmeboka på 60 timar med direktesendt fjernsyn.

Mannskoret Nøkken og Singsaker Songlag synger "Ja, vi elsker".

NASJONALSONGEN: Sundag ettermiddag var det tid for nasjonalsongen, og heile kyrkja reiste seg i kraftfull song.

Odd Rune Wolden og Camilla Tjønn Thingvoll

Programleiarane hadde ikkje mykje tid til å ta bilete undervegs, men ein sjølvi fekk dei då knipsa.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Det er heilt overveldande! Og det har blitt så mykje større enn eg trudde. Før me byrja lurte me jo på kor mange som kom, men det var jo kø allereie ved opninga, og det har berre blitt større og større jo lenger me kom ut i sendinga.

Camilla er spesielt glad for kor positive folk har vore.

– Dei har kome bort og klappa meg på skuldra, og sagt med stjerner i augo kor kjekt det har vore. Det betyr mykje.

Høgdepunktet for Camilla denne helga var då heile kyrkja song «Deilig er jorden» på fredag.

– Og så har det kome så mange fine, nye formuleringar om salmar og salmeboka, så no ser eg liksom salmeboka på ein ny måte.

– Elles anar eg ikkje kva anna som har skjedd i verda denne helga. Det har vore så hektisk, men veldig artig. Ei god oppleving!

LES OGSÅ: – Det har vore ekstremt mykje jobb

– Få problem undervegs

Petter Ingholm Gustavsen

Prosjektleiar Petter Ingholm Gustavsen er glad for at organiseringa av fleire tusen songarar har gått så greitt.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Det har gått veldig bra!

Det har ikkje vore nokre store vanskar med sendinga undervegs, fortel prosjektleiar Petter Ingholm Gustavsen.

– Men me har hatt nokre problem med teksten som går øvst på skjermen av og til. Det er utruleg mykje informasjon som skal ut på 60 timar, og det er ikkje alt me får med oss.

På førehand var han spent på korleis det skulle bli å få mellom tre og fire tusen korsongarar til å møte opp på rett stad til rett tid.

– Koristane var jo berre namn og tal for meg heilt fram til fredag, men dei har vore så flinke og greie å ha med å gjere. Og publikum har vore så entusiastiske, både dei som har vore her i kyrkja og dei som har tatt kontakt oss på sosiale medier. Me har jo ikkje sjåartala enno, men responsen så langt har vore betre og større enn eg rekna med.

LES OGSÅ: Sørkoreanar song norsk salme, fekk kyrkja til å klappe

Salmesong no òg for heidningar

Sundag kveld hadde det kome inn over 3000 bilete via sosiale medier og e-post til Salmeboka minutt for minutt. Du kan sjå bileta her.

#nrksalme har vore den mest brukte emneknaggen på Twitter heile helga, og her er nokre døme på kvitringar for sjåarane.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

LES OGSÅ: Så tilfeldig er livet

Var redd det skulle bli kjedelegare

Siv Limstrand

Siv Limstrand har vore vertinne for publikum i kyrkja.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Eg har ikkje tort å drøyme at det skulle kome så mange folk!, seier Siv Limstrand som er ansvarleg for Vår Frues opne kyrkje.

Rundt kl. 18.30 sundag kveld hadde 16 000 personar vore innom Vår Frue kyrkje i Trondheim. Det vil seie at kyrkja har vore fylt rundt 30 gongar på 60 timar.

– Eg var redd det skulle blir kjedelegare å syngje salmeboka frå perm til perm, men folk er så tatt av stemninga og til stades her og no. Ingen har tvunge dei hit. Mange har nok at dei berre skulle stikke innom og lukte på stemninga, og så har dei blitt i fleire timar. Folk har blitt hekta!

At så mange folk har kome og gått i løpet av helga speglar Vår Frue kyrkje som den opne kyrkja den elles er.

– Dette er ei open kyrkje som har plass til alle, og dei som er her til vanleg kjenner igjen kyrkja slik denne helga òg. Det er fint!

Saman med frivillige frå Kirkens Bymisjon har ho vore vertskap for publikum i kyrkja.

– Me har tatt i mot folk, invitert dei inn, jaga dei lenger fram, servert kaffi og bedt dei tenne lys. Det har vore så kjekt!

LES OGSÅ: Gjorde «opprør» mot salmebokas Prøysen-tekst

Har ikkje klart å sjå vekk frå TV-en

Per Knutsen og Torunn Lindebø Knutsen

Per Knutsen og Torunn Lindebø Knutsen har vore innom kyrkja fleire gonger i løpet av helga, og sundag kveld skal dei sjølv syngje saman med koret sitt Korx.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

På veg ut av Vår Frue kyrkje kjem Torunn Lindebø Knutsen og Per Knutsen.

– Me har vore her i halvannan time. Det var så fint då heile kyrkja song «No livnar det i lundar».

Dei to er med i koret Korx, og skal syngje nokre salmar heilt mot slutten av salmeboka ved midnatt sundag kveld.

– Elles var me innom kyrkja på laurdag, og me har sett på TV når me har vore heime, fortel Torunn.

– Det har vore spesielt. Me har nesten ikkje klart å sjå vekk frå TV. Kjekt å bli minna på alle salmane ein eigentleg kan. Eg synest òg det har vore ei fin ramme rundt TV-sendinga med variasjon og fine skifter mellom bileta. Eg var redd det skulle bli einsformig med 60 timar salmesong, men det blei det ikkje, seier Per.

LES OGSÅ: – Eg gløymer at eg sit i fengsel når vi har korøving

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.