Hopp til innhold

Her tek verdas eldste dirigent avskjed

Anton Coppola (95), onkelen til Francis Ford og truleg verdas eldste aktive dirigent, dirigerte søndag si avskjedsframsyning ved Opera Tampa i Florida.

Anton Coppola tek avskjed

Anton Coppola kysser sitt publikum farvel under avskjedskonserten for Opera Tampa sist laurdag.

Foto: Octavio Jones / Zuma Press/NTB Scanpix

Anton Coppola har vore kunstnarisk leiar for operaselskapet Opera Tampa i byen Tampa i Florida sidan oppstarten i 1996, og det var der han tok avskjed etter ei framsyning av Giuseppe Verdis storslåtte opera «Aida».

Under operaens triumfscene dukka eit skilt med påskrifta «grazie, maestro!» opp på toppen av ei vogn full av gull, som ei helsing til kveldens hovudperson. Etter konserten vart Coppola helsa med ståande applaus og eit regn av raude roser.

Dirigerte Gudfaren-musikk

Coppola-familien har sett tydelege spor etter seg i filmhistoria, med Francis Ford Coppola, Sofia Coppola og Nicolas Cage som dei mest berømte medlemene. Dei musikalske greinene i familien har også ei solid merittliste å vise til:

Carmine Coppola (1910–1991), faren til Francis Ford, skreiv mellom anna musikk til Gudfaren-filmane og Apokalypse nå!, og vann både Oscar og Golden Globe.

Les: Regissørlegende gråt over konas kunst

Veslebroren Anton Coppola vart fødd 21. mars 1917 og byrja i Metropolitan-operaens barnekor som åtteåring. Han dirigerte eit militærorkester under andre verdskrigen og byrja med opera då krigen var over.

Coppola debuterte ved New York-operaen i 1965, og har seinare dirigert både Broadway-musikalar og filmmusikken til Dracula og Gudfaren 3, der han også dukkar opp som dirigent.

– Ingen har nådd like langt som meg

Tampa Bay Times intervjua Anton Coppola i 2011, kjente han ikkje til nokon dirigent som har vore i arbeid like lenge som han sjølv:

– Toscanini slutta då han var om lag 87, trur eg, sa Coppola med referanse til den berømte dirigenten Arturo Toscanini.

– Hugo Fiorito dirigerte New York City-balletten, og han heldt på til han var 88 eller 89. Men ingen har nådd like langt som meg, seier Coppola, som også andre har omtala som verdas eldste dirigent.

Les: 81-årig dirigent fekk toppjobb

Coppola har også sine tankar om korleis han har oppnådd så høg alder:

– Det ligg vel i genane, seier han.

– Og i middelhavsmaten vi et. Pasta e fagioli! Bønner og makaroni. Eg og kona mi er veldig glad i grønsaker. Brokkoli, spinat. Det er alltid pasta og noko anna. Dekt med olivenolje.

Sjå på Youtube: Kort dokumentar om Anton Coppola

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)