Hopp til innhold

Gir liv til 1700-talets norske hits

Også på 1700-talet spreidde populære låtar seg gjennom Europa. 300 år før digitale spelelister lånte ein noteboka til naboen når ein ville oppdage ny musikk.

Nasjonalbiblioteket ved Solli plass i Oslo er rikt på musikalske skattar. Når eg saman med fløytist og forskar Hans Olav Gorset er på besøk for å studere to av dei, får vi kome inn i eit rom som er ein skatt i seg sjølv, det ærverdige Slottsbiblioteket.

Frå djupet av biblioteksmagasina blir to kvite konvoluttar brakt til oss – med nokre av dei viktigaste kjeldene til kunnskap om norsk musikkliv på 1700-talet. Iført reine, kvite hanskar kan musikkforskaren forsiktig ta ut to handskrivne notebøker i hendig format.

Hans Olav Gorset spelar Chavailer Dantz frå Balteruds notebok i Slottsbiblioteket (i Nasjonalbiblioteket).

Hans Olav Gorset spelar Chavailer Dantz frå Balteruds notebok. (Foto/redigering: Fred Olav Vatne)

Brukte noteboka som huskelapp

Hans Olav Gorset har skrive doktoravhandling om norske notebøker frå 1700-talet og i desse dagar gir han ut albumet «Nodebog», som frontfigur i ensemblet Gorset & Friends, med 30 arrangerte låtar frå desse bøkene.

Den mest innhaldsrike av dei to notebøkene i Nasjonalbiblioteket tilhøyrde i si tid den velståande bonden Hans Nilsen Balterud frå Aurskog. Her er 359 melodiar notert ned.

– Balterud jobba som tømmermerkar, han valde ut tre til dei store sagbruka i Christiania og hadde difor god kontakt med hovudstaden, fortel Hans Olav Gorset.

– I tillegg vart han utnemnd til forpaktarspelemann, og fekk dermed løyve til å spele mot betaling under bryllaup og liknande arrangement. Noteboka brukte han truleg som huskelapp for repertoaret sitt.

Fungerte som si tids spelelister

Også 1700-talets musikarar var stadig på utkikk etter ny musikk. I dag brukar mange andre sine spelelister for å finne nye låtar, den gongen hadde truleg noteboka ein liknande funksjon:

– Mykje tyder på at det var vanleg å ta med seg noteboka til naboen, og så skreiv ein av nokre melodiar om ein fann noko ein likte.

Hans Olav Gorset har studert tilsvarande notebøker i Danmark, Sverige, Finland og Tyskland. Hitlåtar spreidde seg tydelegvis over landegrensene også den gongen:

– Det er veldig mykje av dei same melodiane, så vi kan kalle dette 1700-talets popmusikk. Musikken spreidde seg til alle lag av folket, og vart brukt både av profesjonelle og amatørar.

Utsnitt frå Balteruds notebok

Utsnitt frå Balteruds notebok med 'Chavailer Dantz'.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Mange av melodiane er svært fengande

Musikken i notebøkene er for det meste enkelt nedskrivne melodiar. Rundt tre fjerdedelar av låtane i Balteruds notebok er menuettar, ein type dans som Ludvig den 14. lanserte midt på 1600-talet. Gorset trur likevel ikkje at nordmenn var dei største danseløvene:

– Vi trur ikkje at veldig mange dansa menuettar i Noreg på den tida, men at det var populær musikk, er heilt tydeleg. Mange av melodiane i boka tek berre eit halvt minutts tid å spele. Spelte ein dei til dans, ville ein derimot leike med melodien og legge til andrestemmer og anna pynt, slik ein gjer med dansemusikk i dag.

Kvaliteten på dei mange melodiane er nokså varierande, ifølgje vår tids spelemann:

– Mange av melodiane er svært fengande, andre forstår ikkje eg kvifor står der. Men slik er det jo, vi har forskjellig smak ...

Hans Nielsen Balteruds notebok er gjort tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)