Hopp til innhold

- Hest er min lidenskap

- Hest er min lidenskap og trav er min livsstil. Det er livsmottoet til Renate Aarlie, som me får møta i Norge Rundt på fredag.

Kusk Renate Aarlie
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Ho er 20 år, kusk på Bergen travpark og på god veg til å bli travtrenar. Og korleis begynte alt?

- Storesøster mi dreiv med hest, så kom eg inn i det og. Etter kvart begynte eg med ponnitrav, og i 2003 sette eg norgesrekord i ponnitrav med shetlandsponnien Little Non Stop. Tenk å oppleva det som 13-åring, heilt fantastisk!

Då var det gjort, Renate Aarlie var bitt av hestebasillen.

Kjøpte hest usett

Trening med hestene

I alt står det 13 hester på Ringheim stall. Alle skal ha trening.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Chip Hovsten er namnet på hesten til Renate, og dei to har eit heilt spesielt forhold.

- Han er min augestein. Eg syng ofte for han i stallen, og han må vere den mest bortskjemde hesten i heile landet, seier Renate.

Ho fortel gjerne historia om korleis det blei dei to.

- Eg fann ei salsannonse i eit travblad. Han høyrdes heilt utruleg ut, og eg begynte å ringa rundt for å få låna pengar til å kjøpe han. Eg snakka med besteforeldre, sjefen til far min og mor mi. Ho sa ja, og eg sende ei tekstmelding til eigaren om at eg hadde pengane i boks og ville ha hesten!

Men det var ikkje så enkelt, for selgaren hadde fleire interesserte. Likevel, dagen etter kom telefonen ho hadde venta så spent på.

- Eg fekk kjøpa han! Du kan tru det var god stemning i stallen etterpå då. Pengane eg lånte av mi mor blei raskt tilbakebetalt. Han viste seg å vere litt av ein vinnar på travbana.

Årets montèchampion

Trening på travbana

Hester blir trent i par. Dei gir meir når dei har nokon å konkurrera mot.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Sidan 2003 har ho vore på Ringheim-stallen hos travtrenar Frank Ringheim. No er ho lærling same plass, og ho gjer det godt.

- I desember blei eg montèchampion på Bergen travpark med hesten Nøkle Pål. Det var heilt utruleg. Eg hadde ikke rekna med å ta den siste avgjerande sigeren, for det kom ein storfavoritt frå østlandet, seier Renate.

Montè er trav kor kusken sit på hesten, i staden for i vogn. Ho er knallgod, og blei altså årbeste på travparken, men målet er større enn det.

- Ein gong skal eg bli best.

Utanom å bli best i montè i landet, har ho draumar om å bli travtrenar på eigen gård.

Frank Ringheim er stolt over å ha Renate i stallen.

- Ja, mykje har skjedd sidan ho kom til stallen som trettenåring. Renate står på, og har det som trengst. Ho er svært talentfull.

Renate svarar raskt tilbake.

- Alt eg kan om trav med store hestar har eg lært av deg Frank. Det er på grunn av deg eg har kome meg dit eg er i dag.

Sjå Norge Rundt på fredag, då får du høyra Renate synga vakre tonar til sin kjære Chip Hovsten.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)