Tor Stallvik er opprinnelig trønder, men no bussett i Vågå i Gudbrandsdalen. Hans første møte med dansen var gjennom bestefaren som dansa med ungane på kjøkkengolvet.
Dansen viktig
Norsk kulturråd la i fjor haust fram ei utgreiing om folkemusikk og -dans, den sokalla Arnestadrapporten. Utgreiinga peikar mellom anna på at det ikkje står so godt til med folkedansen for tida. Av denne grunn ønskjer Norsk folkemusikkfond å gje prisen nettopp til ein som har lagt ned mykje arbeid for norsk folkedans.
Rådet for folkemusikk og folkedans
Tor Stallvik. Foto: Kari M. Okstad
Tor Stallvik har farta mykje i inn- og utland med formidling av både song og dans. Som folkedansforskar har han bidrege sterkt til oppbygginga av Rff-senteret i Trondheim. Han sat som representant i Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) heilt frå starten i 1972. Han var også leiar i rådet. Tor Stallvik har mottok Rff-prisen i 1997.
Konkurranse og dans
Tor Stallvik har aldri sjølv delteke på kappleikar, men gjer ein stor innsats for å få fram andre kappleiksdeltakarar i dans. Han har også mange gongar vore dommar i dans på kappleikar.
Saman med Rasmus Stauri hadde Tor Stallvik oppdraget med å stå for folkemusikk/folkedansopplegget under OL på Lillehammer.
Norsk Folkemusikkfond
Det er i dag NRK og Landslaget for Spelemenn som yter midlar til Norsk folkemusikkfond. Fondet har tildeling ein gong i året av stipend og tilskot til blant anna CD-produksjonar med norsk folkemusikk. I fondet sit Kjetil Bjørgan frå NRK, Bjørn Lien frå LFS, Reidar Skjelkvåle og Aud Manheim.
Prisen i år vart utdelt under Landskappleiken 2002 i Vågå som gjekk av stabelen siste veka i juni.