Hopp til innhold

Desse har ansvaret for 22. juli-minnesmerka

Innan 22. juli 2015 skal det stå minnesmerke etter 22. juli ved Utøya og Regjeringskvartalet. Måndag offentleggjorde KORO kven som skal stå for arbeidet.

Utval for minnesmerke etter 22. juli

KUNSTUTVALET FOR MINNESMERKE ETTER 22. JULI: F.V: Magne Magler Wiggen, Mari West, Bente Erichsen, John Hestnes, Jørn Mortensen, Per Gunnar Eeg-Tverbakk, May Balkøy.

Foto: Trond A. Isaksen / KORO

Regjeringa har bestemt at det skal verte sett opp minnesmerke for å heidre dei drepne, overlevande, hjelpemannskap og frivillige etter 22. juli-angrepa.

Klare i 2015

Minnesmerka skal vere ferdige innan 22. juli 2015, og det er sett av 27 millionar kroner til gjennomføringa.

Det vil verte minnesmerke på landsida mot Utøya og i regjeringskvartalet. Det skal òg setjast opp eit mellombels minnesmerke mellom Deichmanske bibliotek og Y-blokka medan regjeringskvartalet vert bygd om.

Staten sitt fagorgan Kunst i offentleg rom (KORO) har ansvaret for det kunstneriske ved minnesmerka, og å få dei sett opp.

I ei pressemelding i dag, vart dei sju som skal utgjere utvalet offentleggjort. Dei er:

Jørn Mortensen – dekan på Kunsthøgskulen i Oslo. Skal leie utvalet.

Jørn Mortensen

SKAL LEIE ARBEIDET: Dekan på Kunsthøgskulen i Oslo, Jørn Mortensen, er kunstkonsulent for KORO, og skal leie arbeidet med minnesmerke for 22. juli.

Foto: Kjetil Helland / Kunsthogskolen i Oslo

Per Gunnar Eeg-Tverbakk – kunstnar og kurator. Kunstkonsulent for KORO.
Bente Erichsen – direktør for Nobels Fredssenter. Representerer regjeringa.
Mari Aaby West – representerer AUF.
John Hestnes – nestleiar i den Nasjonale støttegruppa etter 22. juli-hendingane.
Magne Magler Wiggen – arkitekt og professor ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo.
May Balkøy – arkitekt i Statsbygg.

Kven som skal lage merka, vert avgjort gjennom ein open internasjonal prekvalifisering, før ei handfull kunstnarar vert inviterte til å komme med eit utkast i ein lukka konkurranse.

– Vert utfordrande

NRK sin kulturkommentator Agnes Moxnes, trur utvalet får ein utfordrande jobb.

Agnes Moxnes

Kulturkommentator Agnes Moxnes seier utvalet har ei krevjande oppgåve framføre seg.

Foto: NRK

– Dette er ei svært krevjande oppgåve. Minnesmerka skal både vere nasjonale monument og allmenne, seier ho.

Arbeidet med minnesmerka har allereie skapa debatt, og ho trur ikkje det vil verte lett å jobbe fram noko alle kan vere nøgde med.

– Det er mange som vil meine noko om arbeidet, og det vil verte ei tynn line å balansere på i arbeidet. Men det er svært kompetente folk som er sette saman.

52 kommunar i heile landet har sett opp eigne minnesmerke etter 22. juli. Ein anonym gjevar tilbaud minnesmerke av kunstnaren Nico Widerberg til heimkommunane til dei drepne etter 22. juli.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober