Hopp til innhold

Seks års fengsel for fiolinhandlar

Den tyske instrumenthandlaren Dietmar Machold er dømt til seks år fengsel for underslag. – Du spelte høgt og tapte mykje, sa dommaren til Machold i retten.

Dietmar Machold

Dietmar Machold med ein Stradivarius-fiolin i 2003.

Foto: Yuri Kadobnov / AFP

Rettssaka mot tyske Dietmar Machold (63) byrja i Wien i september, og sist fredag vart den tidlegare instrumenthandlaren dømt til seks års fengsel. Han kunne fått opptil ti år, men det vart rekna som formildande at han vedgjekk underslag.

Dietmar Machold i retten i Wien

Dietmar Machold i retten.

Foto: Heinz-Peter Bader / Reuters

– Eg har mislukkast. Eg har tapt alt, sa Dietmar Machold etter å ha fått domen, ifølgje Reuters. Det er ikkje klart om han vil anke.

– Du spelte høgt og tapte mykje, men du forstår at du må ta ansvaret for dette, sa dommar Claudia Moravec-Loidolt til Machold i retten fredag.

Machold er også tiltalt for bedrageri, og dei skuldingane vart handsama for seg. Machold har ikkje erkjent seg skuldig i bedrageri.

Les: Fiolinhandlar med milliardgjeld innrømmer underslag

Skuldar om lag 1,8 milliardar

Tyske Dietmar Machold dreiv fram til 2010 med kjøp og sal av nokre av dei mest kostbare gjenstandane i musikkverda: Strykeinstrument bygde av Antonio Stradivari og hans likesinna i Cremona på 1600- og 1700-talet.

Machold budde i eit 700 år gammalt slott med garasjen full av dyre bilar då verksemda hans byrja å slå sprekker. I 2010 gjekk verksemda konkurs, og i 2011 vart han arrestert. Under rettssaka oppgav Machold at han skuldar rundt 1,8 milliardar kroner.

Dei samla krava mot Machold er ifølgje Washington Post på drygt 1,1 milliardar kroner. Tiltalen for underslag og bedrageri er knytt til krav på 35 millionar.

Les: Kan vere tidenes instrumentsvindel

Dietmar Machold og hans kone.

Dietmar Machold med ekskona Barbara og eksslottet Eichbüchl i bakgrunnen.

Foto: Carsten Holm / Der Spiegel.

Betinga dom for ekskona og svigermor

Machold si verksemd var ei femtegenerasjons familiebedrift som på høgda hadde filialar i New York, Chicago, Zürich og Wien. I løpet av dei siste åra har han mista både verksemda og slottet sitt – og kona gjekk frå han sist vinter.

– Eg gjorde det eg gjorde, og vert straffa for det. Det er slik det må vere, sa han i retten før han tok imot dommen. Han sa også at han ikkje fortener ein mild dom.

Ekskona Barbara går heller ikkje ut av saka med æra i fullgod behold – ho og mora hennar fekk eitt år betinga fengsel kvar for å ha gøymt unna verdifulle instrument og ei samling kostbare armbandsur då verksemda braut saman.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober