Hopp til innhold

Norsk museum i fransk hòle

Snøhetta skal teikne museum for UNESCO-grotte i Frankrike.

Snøhetta sin versjon av museet i Lascaux

I haugen bak til høgre for Snøhetta sitt museumsbygg, ligg dei nye hòlekopiane. I skogen bak, ligg dei ekte.

Foto: MIR/Snørhetta

I ein koll utanfor Montignac sør i Frankrike, finn ein nokre av dei fyrste kunstverka i verda. Holemåleria i Lascaux.

Og det som har gjort seg fortent til kallenamnet «steinalderens sixtinske kapell», fortener òg eit realt museum.

Snøhetta i Lascaux

Slik vert det nye museet i Lascaux.

Foto: illustrasjon / Mir/Snøhetta

– Kjempeviktig

Torsdag kveld vart det klart at arkitektfirmaet Snøhetta har vunne konkurransen mot tre andre internasjonale arkitektfirma, om å teikne det nye besøkssenteret i Lascaux.

Kjetil Thorsen

Snøhetta-direktør Kjetil Trædal Thorsen er nøgd med enda ei kjempekontrakt.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Heile kontoret feira då me fekk beskjeden. Dette er kjempeviktig for oss, seier direktør Kjetil Trædal Thorsen.

Stamborn på Dovre

Hòlene ligg på UNESCO si verdsarvliste, og inneheld holemåleri som er over 17 000 år gamle.

– Dette er truleg det viktigaste ikonet på holemåleri og forhistorisk kunst i verda. Det er måla stamreinsdyr der som kan sporast til dagens reinsdyr på Dovre, fortel Thorsen.

Bygget Snøhetta har teikna er ein slags inngangsport til hòlene i kollen bak. Der ein på 8 000 kvadratmeter skal finne utstilling, besøkssenter, administrasjon og ein forskingsdel.

Hulevandring i Lascaux i Frankrike.

– Annan arbeidsmetode

Hòlene i Lascaux står på UNESCO si verdsarvliste, og vert rekna som eit av verdas underverk.

Her kan ein ta ein virtuell tur gjennom hulene
(Ekstern lenkje)

– Me må nærme oss prosjektet på ein annan måte når det er eit slikt område. Det fins fleire føringar for arbeidet, og det er viktig å bevare det som er på best mogleg måte, seier Thorsen.

Falske hòle

Fire tenåringar og hunden Robot oppdaga hòlene og måleria i 1940. Kulturskatten vart halden hemmeleg til etter andre verdskrig, men opna for publikum i 1948.

Om lag 1000 personar besøkte hòlene dagleg, heilt til dei i 1963 vart stengde. Då hadde pusten frå alle dei besøkjande ført til skade på måleria, og muggdanning på fjellveggane.

Ein kopi av deler av hòlene, som det tok ti år å lage, vart opna på åttitalet, og kalla Lascaux 2.

– Vert skanna

Konkurransen Snøhetta har vunne, er del av prosjektet Lascaux 4. No skal heile hòlekomplekset kopierast til minste detalj, og originalane skal bevarast mot vidare slitasje.

– Alle delar av dei originale grottene vert skanna og kopiert i 3D. Berre forskarar kjem inn i dei verkelege hòlene, men ein del av prosjektet er å sikre dei betre mot vidare øydelegging, fortel Thorsen.

Store prosjekt

Snøhetta er kjent for å jobbe med store, prestisjetunge prosjekt. Det har dei gjort sidan byrjinga i 1989, då dei sto bak det nye biblioteket i Alexandria. Sidan då har dei vorte spesialistar på kulturbygg, og har signaturen sin på bygg over heile verda. Aller mest kjent er 11. september-minnesmerke i New York og operaen i Bjørvika.

Lascaux av Snøhetta

Snøhetta ynskjer at bygget skal vere ein del av naturen rundt, samstundes som det er eit signalbygg.

Foto: Illustrasjon / MIR/Snøhetta

Det er berre ei veke sidan Snøhetta fekk sitt førre store oppdrag. Då vart det klart at dei skal teikne det nye operahuset i Busan i Sør-Korea. Arkitektfirmaet merkar lite til finanskrisa for tida.

– Det gjekk litt tregt i 2009 og 2010, men no tek det jo heilt av, seier Thorsen.

Kvifor får de så mange prestisjeprosjekt?

– Det er vel fordi vi er dei beste, seier ein nøgd Thorsen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.