Hopp til innhold

Strauk og showa for arkitektane

Oslo Strykekvartett byrja som «ein svært seriøs strykekvartett». Tysdag underheldt dei arkitektane i Snøhetta med sjølvarrangerte poplåtar og sekundert hurtigspeling.

Høstens andre Kontorkonsert finner sted i arkitektfirmaet Snøhettas lokaler i Oslo.

Tysdag var det kontorkonsert i arkitektfirmaet Snøhetta sine lokale i Oslo, arrangert av NRK i samarbeid med MIC (Norsk Musikkinformasjon).

Oslo Strykekvartett har eksistert i over 20 år, og består i dag av Geir Inge Lotsberg og Liv Hilde Klokk på fiolin, Are Sandbakken på bratsj og Øystein Sonstad på cello.

– Midt i blinken

– Veldig artig, var første respons frå Svein Slyngstad, dagleg leiar i Snøhetta, etter konserten. Han syntest det var «midt i blinken» med huskonsert i arkitektane sitt opne kontorlandskap:

– Arkitektar er veldig opptekne av lyd og av musikk, og korleis den verkar i rom. Lyden er frå starten av ein viktig dimensjon av bygningane ein teiknar, og musikk er såleis ein viktig del av kvardagen til ein arkitekt.

Vil du huse kontorkonsert i «Eidsvoll og omland»?

Neste kontorkonsert skal finne stad tysdag 23. oktober, og det blir nok ein del humor då også: Trioen Gammalgrass med Stian Carstensen på trekkspel, Ola Kvernberg på fiolin og Ole Morten Vågan på kontrabass skal slå seg laus med bluegrass, folkemusikk og ein heil del andre ting.

Multimusikaren Stian Carstensen kjem frå Eidsvoll, og tek med seg bandet til ein arbeidsplass i «Eidsvoll og omland». Arbeider du i Eidsvoll eller ei av dei kringliggjande kommunane, kan du melde dykk på e-post til kontorkonserten@nrk.no – siste frist er måndag 8. oktober.

Are Sandbakken

Bratsjist Are Sandbakken i aksjon under kontorkonserten.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Vi var ein svært seriøs strykekvartett

Oslo Strykekvartett er i dag kjent for å la humoristiske innslag få god plass på konsertane sine. Slik var det ikkje dei første åra etter oppstarten i 1991:

– Vi var ein svært seriøs strykekvartett, fortel Øystein Sonstad, som har spelt cello i kvartetten sidan starten.

– Det første biletet vi tok er så seriøst at eg vert redd av å sjå på det. Vi mangla ikkje humor, men vi brukte den ikkje på konsertane.

– Vi tenkte «dette går ikkje»

Då kvartetten skulle på skuleturné ein gong mot slutten av 1990-talet, kjende dei at det var tid for endringar:

– Vi vart bedt om å spele Beethoven, men så tenkte vi «dette går ikkje, vi må ha noko anna også», seier Sonstad.

– Så vi laga eit program som byrja med Beethoven, men gjekk vidare til «Birdland», musikk frå West Side Story og så vidare. Elevane likte det – også musikken av Beethoven – og turneen vart ein suksess. Det gav meirsmak.

– Det har skapt ein heilt ny dynamikk

Seinare sette kvartetten opp heile konsertar med spesialarrangert musikk, og dei blandar gjerne inn humor og andre sjangrar på sine klassiske konsertar. Innslaga slår an også hos eldre publikummarar:

– Det har skapt ein heilt ny dynamikk overfor publikum, seier Sonstad, som står for arrangementa når Oslo Strykekvartett spelar Abba, The Beatles eller filmmusikk.

– Det har fjerna kjensla vi hadde av å vere ei veldig seriøs gruppe. Vi er jo seriøse også, men ikkje berre det! Humor opnar hjarta til folk, og kommunikasjonen med publikum gjer at folk får med seg mykje meir av det komplekse vi gjer.

Sjå utdrag frå Oslo Strykekvartetts 2011-versjon av operaen Tosca (frå Hovedscenen):

Utdrag av Oslo Strykekvartetts Tosca-arrangement (fra Hovedscenen).

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.