Hopp til innhold

Rolling Stones feirer 50 år med nytt album

Rolling Stones fyller 50 år i år, og feirar jubileet med eit nytt album med gamle storsuksessar. Musikkpressa melder også at minst fire nye konsertar er planlagde.

Rolling Stones

Charlie Watts, Keith Richards, Ronnie Wood og Mick Jagger på opninga av jubileeumsfotoutstillinga i London tidlegare i år.

Foto: LEON NEAL / Afp

Det nye samlealbumet til Rolling Stones skal heite «GRRR!», og skal kome i fire versjonar.

Mellom anna ei utgåve på fire CD-ar og til saman 80 spor, medan den meir nostalgiske fansen får ein boks med gamaldagse tolvtommarar av vinyl, meldte gruppa i ei kunngjering tysdag.

«GRRR!» vil bestå av Stones-klassikarar som «Satisfaction», «Brown Sugar» og «Jumpin' Jack Flash», så vel som gruppa sin aller første innspeling, «Come On» frå 1963.

To nye spor

Albumet, som blir sloppe 13. november, skal også innehalde to heilt nye spor som vart spelte inn i Paris for kort tid sidan, ifølgje gruppa.

Ifølgje Billboard heiter dei «Gloom And Doom» og «One Last Shot», og er dei fyrste til å bli spelte inn etter «A Bigger Bang»-albumet som kom i 2005.

I oktober skal en film om Rolling Stones si historie frå bandets fyrste konsert til deira liv og musikk i dag, ha premiere på kino i Storbritannia.

Filmen heiter «Cross Fire Hurricane», eit sitat frå den fyrste tekstlinja i «Jumpin' Jack Flash».

Konsertar

Stones skal også spille to konsertar på O2-arenaen i London og to på Barclays-senteret i Brooklyn i november, melder Billboard.

Konsertane kan gi bandet inntekter tilsvarande 145 millionar norske kroner.

12. juli 2012 var det 50 år sidan Rolling Stones spelte sin fyrste konsert, men til og med bandet sjølv klarar ikkje å gi eit eintydig svar på når dei fyller 50.

– Charlie Watts vart ikkje med i bandet før i 1963. Me ser på 2012 som jubileet for «unnfangelse», men «fødselen» er til neste år, sa Keith Richards tidlegare i år.

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.