Hopp til innhold

Rosehavet er blitt til jord

Rosehavet etter 22.juli vog 15 tonn. No er blomstrane blitt til jord - men ingen veit kva minnekomposten skal bli brukt til.

Tormod Kisen

Tormod Kisen viser kvar blomsterberga låg.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ein halvfull container med lys og 7000 liter jord. Dette er igjen av det store rosehavet som prega Oslo i vekene etter 22. juli.

– Heile dette asfalterte området var fylt av blomster og lys, som vi tok imot og sorterte. Det var litt over 20 tonn, seier Tormod Kisen, seksjonsleiar ved Renovasjonsetaten i Oslo kommune, medan han peikar utover Grønmo gjenbruksstasjon utanfor Oslo.

I dagane etter den ufattelege terroren 22. juli i fjor samla folk seg ved Oslo Domkirke og Oslo Rådhus for å sørgje saman. Tusenvis av roser, lys, kort og bamsar vart lagt ned for å minnast dei som døde.

Nokre dagar etterpå gjekk Oslo kommune ut og lovde at alt dette skulle bli tatt vare på, i samarbeid med Den norske kyrkja, Stortinget og Regjeringa.

  • Sjå bilete av heile prosessen i biletgalleriet.

Brukte 400 timar på sortering

Rosehav

Folk gikk i rosetog etter terroren 22. juli i fjor.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

33 lass på til saman 20 tonn vart køyrt til anlegget på Grønmo. På grunn av den store mengda måtte kommunen hente inn ekstrahjelp frå idrettslag og eigne tilsette. Totalt gjekk det med 400 timar til å sortere avfallet.

Nokre av gjenstandane, som bamsar og kort, vart gitt til Riksarkivet. Heile denne samlinga skal bli gjort tilgjengeleg for publikum.

LES: Her bevares den norske sorgen

Rosene vart gjort om til kompost, medan lysa vart samla i ein stor container, som no er over halvfull.

Jordsekkane er merka tydeleg: «Gode tankar lever evig. Dette er jord av blomsterhelsingar etter 22.07», står det på dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norsk sløyfe

Ei norsk sløyfe gøymer seg i blomsterhavet. Desse blomstrane vart lagt ned utanfor Oslo Tinghus.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Blomstrar frå heile landet

No ligg det 155 sekkar med 50 liter jord kvar klar til bruk i eit eventuelt minnesmerke. Men førebels er det ingen som veit kva minnekomposten skal bli brukt til.

– Det trur eg ingen har heilt oversikt over. Oslo kommune har tatt på seg oppdraget med å samle inn rosene som var igjen etter 22. juli i fjor, samt det som har blitt lagt ned i samband med rettsaka i Oslo Tinghus, seier Erik Hansen, informasjonssjef i Oslo kommune.

LES OGSÅ: – Enormt mye blomster

– Og så vil nokon sikkert finne ut at dette går an å bruke i eit minnesmerke. Det blei også gjort etter den tragiske diskotekbrannen i Göteborg i 1998. Ti år etter var det eit minnesmerke oppe, seier han.

Det er ikkje berre blomster frå Oslo som er samla inn. Frå heile landet, Utvika til Svalbard, er det sendt blomstrar med post til Oslo kommune. Også blomstrane som vert lagt ned på eittårsmarkeringa for 22. juli-terroren vil bli samla inn og kompostert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lys

Fem tonn med lys ligg i ein container på Grønmo gjenbruksstasjon.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ikkje krav om å bruke jorda i minnesmerke

– Vi har god plass til lagring. Her har vi ikkje sett noko tidsgrense. Dette gjer vi av respekt for dei som har lagt ned rosene, seier Hansen.

Olav Dag Hauge

Domprost Olav Dag Hauge synest det er viktig at folk får ein plass å gå til med sorga si.

Foto: AP

Kulturdepartementet opplyser at dei er klar over at Oslo kommune har tatt vare på jorda etter rosene.

– Det kjem ikkje til å bli lagt inn som eit krav til dei som skal utforme minnesmerka etter 22. juli at dei skal bruke jorda, men aktuelle kunstnarar og arkitektar vil bli gjort merksame på at ho finst, opplyser dei.

LES OGSÅ: Da Twitter gikk fra kos til kaos

Om ikkje kommunen eller Regjeringa vil bruke jorda, tar Oslo Domkirke gjerne imot noko av den for å skape ein minneplass, ifølgje domprost Olav Dag Hauge.

– Det er veldig viktig reint symbolsk at denne jorda blir tatt i bruk på ein plass der folk kan kome og leggje ned blomster vidare, seier han.

– Det er viktig at vi har ein stad i byen der folk kan gå med sorga si. Eg synest at denne jorda bør bli brukt slik den var meint; for å minne dei som omkom.

– Eit viktig symbol på omtanke

Fabian Stang

Oslo-ordførar Fabian Stang lovar at jorda vil bli brukt på ein verdig måte.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Oslo-ordførar Fabian Stang lovar at jorda vil bli brukt på ein verdig måte.

– Eg håpar at jorda kan bli brukt i samband med eit minnemonument i Regjeringskvartalet. Om det ikkje blir gjort, så skal vi finne ein verdig plass som gjer at det enorme symbolet som blomsterhavet var framleis blir synleggjort, seier han.

LES: Her er det felt tusenvis av tårer

– Jorda skal bli eit viktig symbol på omtanken som blei vist.

Også lysrestane vil kommunen bruke om att på ein skikkeleg måte.

– Eg er open for gode forslag om korleis vi kan bruke dei. Lysa er også viktige symbol, seier Stang.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.