Norsk mobil-applikasjon med suksess i USA

Ein ny norsk reise-applikasjon for mobil får merksemd i USA.
Foto: Skjermdump: TechCrunch.comPrestisjemagasin som TIME, The Economist og TechCrunch omtalar ny norsk mobil-applikasjon, som lukkast i det ekspertane kallar ein «knallhard marknad».
Publisert 16.07.2012 15:35. Oppdatert 16.07.2012 15:43.
- Skriv ut
Då Joachim Paasche og resten av teamet bak norske Stay.com lanserte sin nye reiseguide for mobil i New York og San Francisco, banka verdas fremste teknologiskribentar på døra.
Mobil-applikasjonen får skryt på verdas største teknologinettstad, TechCrunch, samt Europas største teknologinettstad, The Next Web.
Dei vart også intervjua av prestisjemagasina TIME og The Economist.
App-marknad i vekst

Mobil-applikasjonen blir omtalt av prestisjemagasin som TIME og The Economist.
Foto: Stay.com

Mobil-applikasjonen blir omtalt av prestisjemagasin som TIME og The Economist.
Foto: Stay.comStay.com vart i 2010 kåra til ein av dei 50 beste nettstadene i verda av TIME. No er dei ute med sin første mobil-applikasjon, ein sosial reiseguide der vener kan dele reisetips og plotte inn på karta til kvarandre. Guiden blir så lagra og heile byen er tilgjengeleg offline.
Applikasjonar for mobil og lesebrett er stor business både i Noreg og utlandet. Norske forlag trur mellom anna at app-boksalet vil gå forbi papirboksalet i løpet av året.
LES: Storsatsing på bok-apps for barn
– Den norske marknaden er for liten og det er vanskeleg å tene pengar på ein app som berre er retta mot Noreg. Den engelskspråklege marknaden er større, så om du lukkast kan du tene gode pengar her. Men ulempen er stor konkurranse, seier journalist og medieutviklar Anders Brenna.
– Konkurransen blant reiseapp-ar er knallhard, mange vil inn på denne marknaden. Om ein lukkast er potensialet kjempestort for å dra inn annonsørar og reklamekampanjar, seier han.
For 116 byar

Journalist og medieutviklar Anders Brenna hevdar det er knallhard konkurranse i app-marknaden.
Foto: Gaute ZakariassenDirektør Joachim Paasche etablerte nettstaden Stay.com i 2009.
– Det er mange bra bookingtenester der ute, men eg syntest ikkje det eksisterte ei bra teneste for å planleggje kva ein skal gjere medan ein er på tur, slik som restaurantbesøk, museum og så vidare, seier Paasche.
I applikasjonen finst det 116 byar og det er lagt inn 21.000 unike plassar.
– Vi har knytt til oss eit nettverk av reisejournalistar som utarbeidar dette innhaldet unikt for oss, seier Paasche.
Anders Brenna trur marknadsføring har alt å seie i ein internasjonal app-marknad.
– Når du lanserer ein app kan du sitte kvar du vil i verda og krysse av i App Store for kva land du vil gjere app-en tilgjengeleg i. Det er marknadsføringa det kjem an på. Få app-ar blir massivt marknadsført, det kan ikkje dei små aktørane gjere. PR er kjempeviktig. Får du omtale på nettstader som TechCrunch er det gull verd, seier Brenna.
– Puttar ein by i lomma di
Applikasjonen er integrert mot Google Places, og kan såleis søkje opp ukjente stader, utover dei 21.000 unike plassane som ligg inne i kartet. Slik kan vener anbefale restaurantar, butikkar og museum som ligg utanfor allfarveg.
TechCrunchs skribent rosar brukarvennlegheita.
«Stay.com hevdar å kunne putte ein by i lomma di, og klarer det, på ein måte. Det er eit fint alternativ til den lange opplastingstida på Iphone-karta,» skriv dei.
Nettstaden MacWorld meiner guiden har visse manglar, mellom anna når det gjeld mindre kjende byar, men rosar det sosiale aspektet:
«Applikasjonen gir mange moglegheiter til å samarbeide ved bruk av sosiale media,» skriv dei.
Stay.com vil ikkje gå ut med kor mange nedlastingar dei har hatt sidan applikasjonen vart lansert førre veke, fordi marknaden er så konkurranseutsett.

Publikums 17. mai-bilder























